Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

2. Elektronisk rapportering via Altinn

Kommunene skal fylle ut skjemaet i Altinn, signere og sende det inn gjennom Altinn til signering av revisor.

Som ei overgangsordning skal skjema for revisorattestasjon (vedlegg 2) framleis bli fylt ut, signert og oppbevart i kommunen for eventuell seinare kontroll.

Signering på skjemaet i Altinn

For deg som skal rapportere:

  • Du må skaffa deg MinID eller ein av dei andre innloggingsalternativene til Altinn (obligatorisk)
  • Du må be om å få delegert rolla «Helsa, sosial og velferdstenester» i verksemda di (obligatorisk)
  • Den enkelte revisor som skal signera på skjemaet må ha rolle enten som "ansvarleg revisor" eller "revisormedarbeidar" (obligatorisk)
  • Ved innlogging må ein velja å representera kommunen (verksemda), og ikkje seg sjølv. Dette gjeld både den som skal fylla ut skjemaet på vegner av kommunen og den ansvarlege revisoren (obligatorisk)
  • Skjemaet blir utfylt og blir signert av kommunen. Skjemaet blir dermed frigjort og sendt til den ansvarlege revisoren
  • Skjemaet blir kontrollert, blir signert og blir sendt inn av revisoren. Skjemaet blir dermed sendt til Helsedirektoratet.

Registrering av revisor i Einingsregisteret

Revisor må vera registrert som revisor for verksemda i Einingsregisteret for å kunna signere på skjemaet. Verksemda må nytta Samordnet registermelding for offentleg forvaltning på Altinn for å melda revisor. Kommunestyret kan sjølv avgjera om kommunen skal tilsetja eigne revisorar, delta i interkommunalt samarbeid om revisjon, eller inngå avtale med annan revisor. Det er lagt til rette for å melda revisor uansett korleis kommunen organiserer revisjon, enkelt og elektronisk ved bruk av Samordnet registermelding for offentleg forvaltning. Dersom skjema blir sendt inn av eit underlagt organisasjonsledd i kommunen (til dømes helse- og sosialetaten i ein kommune), må revisor vera registrert for denne verksemda.

Når revisorrolla er registrert på verksemda i Einingsregisteret, vil revisor automatisk få Altinn-rollen "ansvarleg revisor" og revisor kan signera på det aktuelle skjemaet for kommunen. I tilfelle der eit revisorfirma er registrert på kommunen i Einingsregisteret er det dagleg leiar av revisorfirmaet som skal få Altinn-rollen "ansvarleg revisor". Dagleg leiar kan sjølv delegera rollene "Ansvarlig revisor" og "Revisormedarbeider" vidare til tilsette i firmaet.

Grensejusteringar mellom kommunar 

Antal personar med psykisk utviklingshemming for kommunar som blir rørte av grensejusteringar og/eller samanslåingar (PDF)

Kontakt

Helsedirektoratet: postmottak@helsedir.no. Merk e-posten med saksnummer 15/1524.

For rettleiing i spørsmål om innlogging, navigering eller delegering av roller: Kontakt Altinn brukerservice: 75 00 60 00 / support@altinn.no.

Sist faglig oppdatert: 27. januar 2022