Nasjonal undersøking av pasientar sine erfaringar med døgnopphald i psykisk helsevern

Denne undersøkinga kartlegg erfaringane til vaksne pasientar med døgnopphald i psykisk helsevern. Resultata blir brukte til nasjonal kvalitetsmåling, styringsinformasjon og offentleg rapportering. Det er frivillig å delta.

Om undersøkinga

Helsedirektoratet gjennomfører ei nasjonal undersøking blant vaksne pasientar som har vore innlagde ved døgneiningar i psykisk helsevern.

Føremålet er å kartleggje pasientar sine erfaringar med døgnopphald i psykisk helsevern. På denne måten kan undersøkinga bidra til betre tenester for pasientane.

Undersøkinga er ein del av Helsedirektoratet sitt arbeid med nasjonale brukar- og pasienterfaringsundersøkingar. Ho skal bidra til å følgje utviklinga i kvaliteten på tenestene over tid, og sjå nærare på forskjellar mellom helseføretak og helseregionar.

Kven kan bli inviterte?

Undersøkinga omfattar vaksne pasientar (18 år og eldre) som har hatt døgnopphald i psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta.

Invitasjonar blir fortløpande sende til pasientar som nyleg er skrivne ut. Kvar pasient blir berre invitert éin gong i løpet av undersøkingsperioden.

Kva spør vi om?

Undersøkinga handlar om erfaringane pasientane har med opphaldet i psykisk helsevern.

Temaa omfattar mellom anna:

  • behandlinga du har motteke
  • kontakt med tilsette
  • informasjon og kommunikasjon
  • høvet til å medverke i eiga behandling
  • tryggleik og behandlingsmiljø
  • opplevd nytte av opphaldet
  • eigenvurdert psykisk og fysisk helse
  • livskvalitet

Det er også mogleg å gje kommentarar i fritekst.

Spørjeskjemaet byggjer på spørsmål og måleinstrument som tidlegare er testa og brukte i undersøkingar av pasientar sine erfaringar med psykisk helsevern.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Invitasjonen blir send digitalt via Helsenorge.

Om du blir invitert, finn du spørjeskjemaet når du loggar inn på Helsenorge. Om du ikkje svarar, kan du få opptil fire påminningar. 

Det er frivillig å delta.

Treng du hjelp til å svare på undersøkinga, kan du få hjelp av ein pårørande eller ein annan person du stolar på. Det er også mogleg å få hjelp til å svare på undersøkinga gjennom representasjonsløysinga i Helsenorge. 

Korleis blir resultata brukte?

Vi vil analysere og presentere resultata på gruppenivå, slik at einskildpersonar ikkje kan kjennast igjen.

Resultata blir brukte til å:

  • følgje med på kvaliteten i psykisk helsevern
  • samanlikne resultat mellom helseføretak, helseregionar og nasjonalt nivå
  • gje grunnlag for styring og kvalitetsforbetring

Kven står bak undersøkinga?

Helsedirektoratet er ansvarleg for undersøkinga.

Personvern

Informasjon om korleis personopplysningar blir behandla, kva opplysningar som blir brukte og kva rettar du har, finn du på sida om personvern og behandling av personopplysningar 

Andre språk

Først publisert: 18.09.2026 Sist fagleg oppdatert: 23.09.2026 Sjå tidlegare versjonar

Til toppen