Dekorativt bilde

Nasjonal undersøking av pasientar sine erfaringar med døgnopphald i psykisk helsevern – personvern og rettar

Denne sida gjev deg informasjon om korleis opplysningane dine blir behandla i undersøkinga, og kva rettar du har. Du kan lese meir om sjølve undersøkinga på informasjonssida "Nasjonal undersøking av vaksne pasientar sine erfaringar med døgnopphald innan psykisk helsevern". Lenkje til sida finn du nedanfor.

Kort sagt

  • Helsedirektoratet er ansvarleg for undersøkinga
  • Det er frivillig å delta
  • Opplysningane dine blir berre brukte til å forbetre tenestene
  • Dei blir ikkje brukte til å vurdere deg eller påverke behandlinga di
  • Behandlingsstaden får ikkje vite kva du har svart
  • Opplysningane blir behandla sikkert og konfidensielt

Les meir om personvern og rettar nedanfor.

Vil du lese meir om undersøkinga?

Kven er ansvarleg for undersøkinga?

Helsedirektoratet er behandlingsansvarleg for personopplysningane.

Helsedirektoratet kan bruke eksterne databehandlarar for å gjennomføre undersøkinga, til dømes til utsending av invitasjonar, innsamling av svar og analyse.

Databehandlarane handterer opplysningane berre på vegner av Helsedirektoratet, og i samsvar med instruks. Tilgangen er avgrensa til personar som treng det for å gjennomføre undersøkinga, og opplysningane blir behandla i sikre løysingar.

Kva er føremålet?

Føremålet er å samle kunnskap om pasientar sine erfaringar med døgnopphald i psykisk helsevern, til bruk i kvalitetsutvikling, styring og offentleg rapportering.

Kva handlar undersøkinga om?

Undersøkinga består av eit spørjeskjema om erfaringane dine med opphaldet. Spørsmåla handlar mellom anna om:

  • kontakt med behandlarar og personale
  • tryggleik og behandlingsmiljø
  • medverknad og informasjon
  • utbytte av behandlinga

Du kan også gje utfyllande svar i fritekst.

Kva opplysningar blir brukte?

Opplysningar du sjølv gjev

Når du svarar på spørjeskjemaet, blir svara dine registrerte. Du kan også skrive eigne kommentarar.

For å gjennomføre undersøkinga får Helsedirektoratet svara dine i identifiserbar form i ein kort periode. Dette er nødvendig for å sende invitasjon, få svara og administrere undersøkinga. Opplysningane er knytte til deg gjennom innlogging i Helsenorge.

For at du skal kunne sjå kva du har sendt inn, blir ein kopi av svara dine lagra i innboksen din på Helsenorge. Kopien er berre tilgjengeleg for deg. Opplysningar som kan identifisere deg blir fjerna så snart dei ikkje lenger er nødvendige. Resultata som blir publiserte er anonyme.

Bakgrunnsopplysningar frå register

For å kunne analysere resultata kan det hentast nokre bakgrunnsopplysningar frå Norsk pasientregister og Statistisk sentralbyrå, til dømes:

  • demografiske opplysningar (som alder, fødeland og kjønn)

  • informasjon om opphald og behandlingsforløp (til dømes lengde på opphald, kvar du fekk behandling, om det var planlagt eller akutt, og tidlegare innleggingar)

  • opplysningar om diagnose og om det vart brukt tvang (ja/nei)

Bakgrunnsopplysningane blir også brukte for personar som ikkje svarar, slik at det er mogleg å vurdere om svara gjev eit representativt bilete av pasientgruppa.

Kva blir opplysningane ikkje brukte til?

Opplysningane blir ikkje brukte:

  • til å vurdere deg som enkeltperson
  • til journalføring
  • til avgjerder om behandling

Behandlingsstaden får ikkje vite kva du har svart.

Frivillig

Det er frivillig å delta i undersøkinga. Du kan velje å ikkje delta, eller avbryte svaret kva tid som helst. Dette har ingen konsekvensar for helsehjelpa du får. Dersom du ikkje svarer, kan du få inntil fire påminningar om undersøkinga.

Reservasjon

Du kan reservere deg mot at opplysningane dine blir brukte i undersøkinga. Dette gjeld både svara dine og opplysningar frå helseregister. Du kan også be om å få sletta svar du har sendt inn, så lenge dei framleis kan knytast til deg. For å reservere deg eller be om sletting av innsende svar, må du logge inn med eID via lenkja nedst på denne nettsida innan 11. mars 2027, før opplysningane blir anonymiserte.

Dersom du reserverer deg, vil opplysningane dine ikkje inngå i analysane.

Kva skjer med opplysningane etter undersøkinga?

Opplysningane blir brukte til å gjennomføre analysar og publisere resultat frå undersøkinga. Dei kan også brukast til å kvalitetssikre og vidareutvikle brukarerfaringsundersøkinga.

Opplysningar som direkte identifiserer deg blir fjerna så snart dei ikkje lenger er nødvendige for å gjennomføre undersøkinga.

Opplysningar som indirekte kan knytast til deg, blir lagra i opptil 5 år etter at undersøkinga er avslutta. Deretter blir opplysningane anonymiserte, slik at dei ikkje lenger kan knytast til deg.

Anonymiserte opplysningar kan lagrast vidare for statistiske føremål og dokumentasjon av resultata.

Anonymiserte data kan brukast vidare til statistiske analysar og utviklingsarbeid for å forbetre helsetenestene og brukarerfaringsundersøkingar. Opplysningane vil då ikkje kunne knytast til deg som enkeltperson.

Rettane dine

Så lenge opplysningane kan knytast til deg, har du rett til:

  • innsyn
  • retting
  • sletting

Du kan også klage til Datatilsynet dersom du meiner at behandlinga av personopplysningane dine ikkje er i tråd med regelverket.

Desse rettane gjeld så lenge opplysningane kan knytast til deg. Når opplysningane er anonymiserte, er det ikkje lenger mogleg å knyte dei til deg.

Rettsleg grunnlag

Behandlinga skjer i tråd med personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 bokstav e og artikkel 9 nr. 2 bokstav j, og i tillegg personopplysningslova §§ 8 og 9.

Kvar blir opplysningane behandla?

Opplysningane blir behandla i sikre løysingar i Noreg, og blir ikkje overførte til land utanfor EU/EØS.

Kontakt

For å verne personopplysningane dine ber vi deg om å unngå å sende fødselsnummer eller helseopplysninger på e-post. 

Merk førespurnaden "PHV døgn"

Du kan reservere deg eller trekkje tilbake svara dine her

Andre språk

Først publisert: 18.09.2026 Sist fagleg oppdatert: 22.09.2026 Sjå tidlegare versjonar

Til toppen