Kapittel 2.6 Alder for oppstart av regelmessig bruk av tobakk

Det er stor variasjon i alder for første gongs bruk av sigarettar og snus. Spørsmålet i Rus- og tobakksundersøkinga (sjå Metode) «Kor gamal var du då du begynte å røyke dagleg?» blei stilt til dei som rapporterte å røyke dagleg no eller hadde røykt dagleg tidlegare. I 2025 varierte alderen frå 9 til 79 år, med eit gjennomsnitt på 17,7 år. Det var små kjønnsforskjellar.

Spørsmålet i den same undersøkinga: «Kor gamal var du då du begynte å bruke snus regelmessig?» blei stilt til dei som rapporterte å bruke snus dagleg eller av og til no. I 2025 varierte alderen frå 9 til 70 år, med eit  gjennomsnitt på 24,9 år. Kvinner starta i gjennomsnitt om lag to år seinare enn menn (26,1 år mot 24,2 år).

Dersom ein ser spesielt på kvinner i aldersgruppa 45–79 år i 2025 var gjennomsnittleg alder for å bruke snus regelmessig 43,7 år, og 18,4 år for oppstart av daglegrøyking. For menn i denne aldersgruppa var gjennomsnittleg oppstartsalder for regelmessig bruk av snus 33,4 år, mens tilsvarande alder for daglegrøyking var 17,5 år.

Sist fagleg oppdatert: 25. mars 2026