Tal på bruken av nikotinprodukt og tobakk blant skuleelevar er innhenta frå Ungdataundersøkinga, høvesvis frå elevar i ungdomsskulen (13–16 år) og i vidaregåande skule (VGS) (16–19 år).
Det er relativt få skuleelevar som røyker dagleg eller kvar veke og dette har vore nokså stabilt dei siste 10 åra. Fleire elevar i VGS røyker dagleg eller kvar veke, om lag 6 % gutar og 3 % jenter i 2025, samanlikna med ungdomsskuleelevar med 3 % gutar og 2 % jenter, sjå figur nedanfor.
Bruken av snus blant skuleelevar har gått ned frå 2015 til 2021, og deretter auka igjen fram til 2025. Då svarte om lag 23 % av gutane og 15 % av jentene i VGS at dei brukte snus dagleg eller kvar veke. Tilsvarande tal i ungdomsskulen var om lag 7 % blant gutane og 4 % blant jentene, sjå figur nedanfor.
Det har vore ein stor auke av skuleelevars bruk av vape sidan 2021. Bruken er høgast blant jenter. I 2025 svarte nesten 11 % av jentene og 7 % av gutane i VGS at dei brukte vape dagleg eller kvar veke. Tilsvarande tal for ungdomsskulen var om lag 7 % blant jentene og 5 % blant gutane, sjå figur nedanfor.