Kapittel 2.8 Eksponering og forsyning blant barn og unge via sosiale medium

I 2025 gjennomførte Opinion eit oppdrag for Helsedirektoratet om innsikt i korleis barn og unge i alderen 13 til 17 år blir eksponerte for alkohol og tobakk på nett, og bruken av sosiale medium (SoMe) og spelplattformer som salskanalar.

Innsiktsarbeidet viste at 36 % hadde sett innhald med røyk eller snus på SoMe. Av dette innhaldet var 14 % reklame frå andre land og 16 % reklame frå Noreg. Tilsvarande tal for vape var 40 % som hadde sett innhald i SoMe, der 15 % var reklame frå andre land og 20 % reklame frå Noreg.

TikTok blei peikt ut som plattforma med mest innhald om alkohol, snus, røyk og vape. Omlag halvparten av TikTok-brukarar som har blitt eksponerte for slikt innhald på SoMe, meiner at TikTok har mest slikt innhald.

4 av 10 av dei som hadde sett innhald med røyk, snus, vape på SoMe hadde sett det kvar veke eller oftare. Influensarar og vener var viktigaste kjelde til eksponering i SoMe, medan 9 % sjølv hadde søkt etter innhald om alkohol-, røyk, snus eller vape/e-sigarettar på SoMe og plattformar dei bruker.

Blant deltakarane i undersøkinga, oppfatta fleirtalet at vape var det rusmiddelet det er lettast å få tak i via SoMe. 62 % meinte det var svært eller ganske lett å skaffe vape med nikotin, medan 60 % meinte det var lett å få tak i snus og vape utan nikotin. Nesten éin av fem har blitt kontakta av nokon som ville selje snus, røyk eller vape, og Snapchat peikast ut som den klart viktigaste plattforma for kjøp.

Sist fagleg oppdatert: 24. juni 2026

Til toppen