Kvar vert sigarettar kjøpt?
Fordelinga av forsyningskjelder for sigarettar i perioden 2015–2025 er vist i figuren nedanfor. Tala er basert på sjølvrapportert sigarettbruk siste døgn for dei som rapporterer å røyke dagleg, i aldersgruppa 16–74 år.
I perioden 2015–2025 (med unntak av pandemiåra (2020–2021, truleg på grunn av mindre grensehandel og taxfree-handel), har andelen sigarettar kjøpt frå fysiske butikkar og nettbutikkar i Noreg lege mellom 50–65 %. Tal frå 2022–2025, estimerer at andelen kjøp av sigarettar frå Noreg har lege mellom 57–65 %.
Kvar vert snus kjøpt?
Fordelinga av forsyningskjelder for snus i perioden 2015–2025 er vist i figuren nedanfor. Tala er basert på sjølvrapportert bruk av snus siste døgn for dei som bruker snus dagleg, i aldersgruppa 16–74 år.
I perioden 2015─2025 (med unntak av pandemiåra 2020–2021, truleg på grunn av mindre grensehandel og taxfree-handel), har andelen snus kjøpt frå fysiske butikkar og nettbutikkar i Noreg lege mellom 51–73 %. Tal frå 2022–2025, estimerer at andelen kjøp av snus frå Noreg har vore mellom 69–73 %. Sjå estimat for andre kjelder i figuren nedanfor.