Kapittel 5 Metode

Individdata

Røykevaneundersøkinga / Rus- og tobakksundersøkinga

Rus- og tobakksundersøkinga blir gjennomført årleg mellom april og juni av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Helsedirektoratet. Denne undersøkinga kartlegg bruken og vanane til befolkninga knytt til tobakksprodukt og vape (òg kalla e-sigarett eller fordampar), alkohol og andre rusmiddel. Undersøkinga vart gjennomført første gong i 2012.

Fram til 2023 vart undersøkinga sendt til eit utval på 3700 respondentar, med ein svarprosent på om lag 60 %. Frå og med 2024 er utvalet utvida til 8000 respondentar. I 2025 svarte 4614 (57,8 %) av dei inviterte på undersøkinga. Utvalet er landsrepresentativt og i alderen 16 til 79 år. Frå 2024 har undersøkinga blitt gjennomført som ei «mixed mode»-undersøking der om lag 60 % av utvalet svarer på ei sjølvadministrert webundersøking og om lag 40 % blir intervjua over telefon. Les meir om detaljane i SSB sin dokumentasjonsrapport Rusundersøkelsen 2025 (ssb.no).

I 2023 svarte om lag 50 % av deltakarane på undersøkinga på hausten og om lag 50 % på våren. Tal frå dette året kan derfor avvike noko frå dei andre åra grunna dette brotet i metoden. Prosentdelane som vert presentert i denne rapporten er vekta for alder, kjønn, utdanning og landsdel i befolkninga. Justeringa er gjort for å sikre at resultata er representative for den norske befolkninga etter desse variablane, og for å gjere dei samanliknbare over tid.

Samstundes har undersøkinga nokre kjente avgrensingar. Som i andre utvalsundersøkingar er selektivt fråfall ei mogleg feilkjelde, ved at personar som vel å delta i undersøkinga kan være ei selektert gruppe som svarer ulikt frå dei som ikkje deltar. Til dømes er dei med kortare utdanning sannsynlegvis underrepresentert i slike undersøkingar, og fordi forskinga har vist at folk med kortare utdanning i større grad røyker dagleg enn dei med lengre utdanning vil dette kunne bidra til ei underestimering av tobakksbruken i befolkninga. Nokre deltakarar kan òg velgje å svare på ein sosialt fordelaktig måte (dvs. i tråd med kva dei oppfattar som ønskeleg eller akseptabelt), eller bevisst gi feilaktige/misvisande svar, t.d. på spørsmål som kan oppfattast som sensitive. Deltakarar kan òg ha problem med å huske forhold tilbake i tid. 

Resultata frå Rus- og tobakksundersøkinga for 2025 blir presenterte i kapittelet om bruk av tobakksprodukt og vape. Kjelda til tala som er presenterte om utvikling over tid i bruk av tobakksprodukt og vape er Røykevaneundersøkinga / Rus- og tobakksundersøkinga til SSB, sjå nærare forklaring på SSB sine heimesider om forskjellen mellom dei to undersøkingane: Om statistikken – Bakgrunn (ssb.no).

UngData

Ungdata-undersøkinga inkluderer svar frå 915 000 ungdomar i ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring sidan 2010. Undersøkinga inneheld spørsmål om foreldre, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse, trivsel og bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel. Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet er ansvarleg for gjennomføringa av Ungdata-undersøkingane i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentera i landet innan rusfeltet (KORUS). Ungdata-undersøkingane blir gjennomførte på skulane i skuletida. Det inneberer at elever som er fråverande, er falt frå vidaregåande opplæring eller er i praksis under gjennomføringa ikkje blir rekna med. For meir informasjon om Ungdata-undersøkinga, inkludert metode og dokumentasjon, sjå ungdata.no.

Undersøking om eksponering og forsyning

Hausten 2025 gjennomførte Opinion ei undersøking om eksponering og forsyningskjelder for tobakk og alkohol på sosiale medium for Helsedirektoratet. Det blei gjennomført ei digital spørjeundersøking blant 839 unge i alderen 13–17 år, med samtykke frå føresette for deltakarar under 15 år. Datainnsamlinga er gjort i Norstats befolkningspanel, og data er vekta på alder, kjønn og geografi. Undersøkinga kartla bruk av alkohol-, tobakk- og nikotinprodukt, eksponering for slikt innhald i sosiale medium, oppleving av innhaldet og sosiale medium som kjelde til å skaffe produkta.

Forsyningsundersøkinga

Dei årlege røykevaneundersøkingane frå Statistisk sentralbyrå har frå 1990 til 2014 inkludert spørsmål til personar som røyker dagleg om opphavet for sigarettforbruk det siste døgnet. Frå 2015 overtok Ipsos oppgåva med å kartlegge forsyningskjelder, på vegne av Folkehelseinstituttet (FHI), og undersøkingane vart samtidig utvida til å omfatte snus og vape. Frå 2024 har Helsedirektoratet overteke ansvaret for undersøkinga, som framleis vert gjennomført av Ipsos. Denne rapporten presenterer tal på forsyningskjelder på sigarettar for perioden 2015 og framover, medan tal for perioden før 2015 er rapportert i Tobakk i Norge frå FHI.

Undersøkinga vert gjennomført ved at Ipsos sender undersøkinga til medlemmar av Ipsos sitt Webpanel i alderen 15 år eller eldre, både via sms, e-post og telefon. Undersøkinga vert sendt ut kvar uke gjennom heile året og talet på respondentar som svarer på undersøkinga varierer. Tre til fire gongar i året vert demografiske markørar i utvalet samanlikna med befolkninga. I tilfelle nokon grupper er over-/underrepresentert vert det sendt ut fleire invitasjonar til dei gruppene som kan kompensere for skeivfordelinga. Ei detaljert beskriving av utvalsprosedyren ligg på Ipsos sine nettsider (PDF, ipsos.no).

Resultata som vert presentert i rapporten er vekta etter kjønn, alder og geografi (fylker). Som nemnt under omtalen av Rus- og tobakksundersøkinga kan òg denne undersøkinga ha avgrensingar.

Kampanjeevaluering

I samband med kampanjeevalueringa vart det gjennomført undersøkingar før og etter kampanjen for å kartlegge målgruppa si bruk av og haldningar til nikotin, sigarettar, snus og vape – samt avdekke merksemd og oppfatning av kampanjen.

Desse undersøkingane er gjennomført i eit webpanel (CAWI) av Norstat via Mindshare på vegne av Helsedirektoratet, i perioden før og etter kampanjen i 2024. 500 personar i alderen 15–25 år vart intervjua.

Omsetningstal

Omsetningstal for tobakk blir nytta for å følgje utviklinga og blir brukte nasjonalt og internasjonalt. For å kunne samanlikne tobakksomsetninga for ulike varegrupper, over tid og mellom land, blir omsetning per år rekna ut i tonn per varegruppe og gram tobakk per innbyggjar 15 år og eldre. Per innbyggjar-utrekninga blir gjort ved å dele mengde tobakk på talet på personar i aldersgruppa 15 år og eldre per 1. januar same år (ssb.no). Datakjeldene til omsetningstala blir omtalte nærmare under.

Avgiftsbelagd omsetning

For avgiftsbelagd omsetning blir det nytta tal frå Skatteetaten. Tala frå Skatteetaten byggjer på det avgiftspliktige rapporterer inn. Sigarettar blir rapporterte i tal (stykk), medan dei andre produkta blir oppgjevne i gram av pakninga si nettovekt. Helsedirektoratet reknar om avgiftsbelagd omsetning til tonn for tobakksprodukta og nyttar i omrekninga at éin sigarett veg 1 gram.

Taxfreesal på norske flyplassar

Salstal (i kg og tal) får vi frå Airport Retail Norway og Travel Retail Norway, per flyplass og kvartal. Helsedirektoratet tilarbeider tala til tilpassa varegrupper og presenterer tal i tonn selde per varegruppe, samt gram per innbyggjar 15 år og eldre. Varegruppene som blir nytta frå taxfreesalet for tobakk er sigarettar, snus, sigarar og andre tobakksprodukt (rulletobakk og tyggetobakk). Nikotinfri snus seld på taxfree er ikkje inkludert i salstala som blir presenterte i denne rapporten.

Sal frå Haugesund flyplass i første og delar av andre kvartal i 2023 er kun rapportert i tal selde einingar (stykk), ikkje vekt (kg), og i ei samla varegruppe, ikkje etter ulike varegrupper (sigarettar, snus, mv). Vi har estimert sal i kg frå talet på selde einingar ved å lage ein faktor basert på sal frå same flyplass i same kvartal året etter, der vi har sal i både vekt (kg) og einingar (stykk). I tillegg har vi estimert omsett mengd tobakk innanfor dei ulike varegruppene etter fordelinga av varegrupper berekna frå totalen året etter, der vi har denne fordelinga.

Samla sal av tobakk etter ulike varegrupper har vi for alle flyplassane, men for dei mindre flyplassane er ikkje salet fordelt etter kjøp ved ankomst og avgang. I nokre tilfelle er det aktuelt å kjenne til mengda tobakk som blir teken med inn i Noreg og brukt her, altså det som er kjøpt ved ankomst. Vi har difor estimert ankomstandelen for dei mindre flyplassane som manglar dette. Passasjertal frå utenlandsflygninar frå SSB blir nytta i estimeringa av taxfreesal ved ankomst for dei mindre flyplassane. Vi estimerer salsdelen ved ankomst med ein statistisk modell som predikerer ankomstandelen basert på ankomstandelen frå flyplassane der dette er tilgjengeleg, varegrupper (sigarettar, snus, sigarar og andre tobakksprodukt), kvartal (sesongvariasjon) og delen ankomstpassasjerar frå utlandet. Den estimerte delen blir multiplisert med totalsalet vi har tilgjengeleg, for å gi estimert ankomstsal i kg. Deretter trekkjer vi salet ved ankomst frå totalsalet for å få salet ved avgang, i kg.

Usikkerheit ved tala

Omsetningstala er også hefta med usikkerheit. I tala frå Skatteetaten må vi rekne om sigarettar frå tal (stykk) til kg. Helsedirektoratet er kjent med at vekta til enkeltsigarettar er lågare enn tidlegare, i tillegg til at ho varierer noko mellom sigarettmerker/varemerke. Dette kan vere ei feilkjelde, då det kan vere lågare vekt på sigarettar som blir omsette på marknaden i dag enn estimatet på eitt gram per sigarett.

Ein svært liten del av taxfreesalet frå Haugesund flyplass har blitt estimert frå tal einingar (stykk) til vekt (kg) fordi sal i kg mangla, dessutan har vi  estimert salet for ulike varegrupper (sigarettar, snus, mv). Dette inneber mellom anna føresetnader om gjennomsnittleg produktstorleik. Vidare har vi estimert sal ved ankomst og avgang for nokre flyplassar basert på statistiske modellar og ikkje direkte observasjonar.

Tal frå den avgiftsbelagde omsetnaden og sal frå taxfree gir ikkje eit komplett bilete av mengda tobakk som blir brukt i Noreg. Grensehandel av tobakksvarer har vi ikkje tal på. I tillegg manglar sal frå taxfree på ferjer eller kjøp frå andre land som blir tekne med til Noreg.

Kommunedata

Årleg blir undersøkinga Kommunane si forvaltning av tobakksskadelova sendt ut til alle kommunane i landet (av Opinion på oppdrag frå Helsedirektoratet). Denne undersøkinga hentar inn data om forvaltninga av tobakksskadelova i kommunane. Undersøkinga er gjennomført årleg sidan 2018, og svarprosenten er på om lag 95 %. I 2024 var det 353 av 357 kommunar som svara på spørjeskjema om deira forvaltning av tobakksskade-lova. Dei fire kommunane som ikkje svara på undersøkinga var Eidsvoll, Flekkefjord, Tana og Ørsta.

Informasjonen frå kommunane har varierande kvalitet, og kommunane svarer ikkje nødvendigvis på alle spørsmåla i skjemaet. Helsedirektoratet gjennomfører kvalitetskontroll av datamaterialet, men på grunn av stor variasjon mellom kommunar, vil det vera vanskeleg å fange opp eventuelle feil. Det kan derfor finnast feil i rapportering frå visse kommunar.

Registerdata

Tobakksals- og bevillingsregisteret (TBR) gir oversikt over fysiske salsstadar som har rett til å selje tobakksvarer og tobakkssurrogat i Noreg. Det er verksemdene sjølv som er ansvarleg for å registrera seg og halda opplysningane ved like i registeret. Dersom ei verksemd har fleire salsstadar, må alle salsstadane registrerast. Formålet med registeret er å gjera det mogleg for kommunane å føre tilsyn med salet av tobakksvarer og tobakkssurrogat.

TBR gir òg oversikt over verksemder som har rett til å innføre, utføre og produsere tobakksvarer og utstyr for tobakksproduksjon. Det er Helsedirektoratet som gir løyve til verksemdene.

Bruk av kunstig intelligens

I utarbeidinga av denne rapporten har vi nytta kunstig intelligens (KI) som støtteverktøy, blant anna til utforming av tabellar og figurer, kodeutvikling og utforming av tekst. Alt KI-generert innhald er kvalitetssikra av fagpersonar.

Endringshistorikk

Oppdatert 24. juni 2026: Rapporten er utvida med eit nytt kapittel om tobakksomsetning og eit nytt kapittel om ungdom. I tillegg er avsnittet om kombinert bruk av ulike tobakks- og nikotinprodukt endra.

Oppdatert 25. mars 2026: Rapporten er revidert og oppdatert med nye tal. Kapittelet om tobakksbruk er utvida med resultat for tobakksbruk etter fødeland og kombinert bruk av  tobakks- og nikotinprodukt. Det er òg tatt inn eit kapittel om forsyningskjelder for sigarettar og snus.

Sist fagleg oppdatert: 24. juni 2026

Til toppen