I 2024 var det 353 av 357 kommunar som svara på spørjeskjema om deira forvaltning av tobakksskadelova. Dei fire kommunane som ikkje svara på undersøkinga var Eidsvoll, Flekkefjord, Tana og Ørsta.
Registrerte stadar for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat
Alle som sel tobakksvarer og -surrogat frå ein fysisk utsalsstad skal vera registrert i Tobakkssals- og bevillingsregisteret (TBR). Vape (òg kalla e-sigarett eller fordampar) er det vanlegaste tobakkssurrogatet.
Tabellen nedanfor viser tal på utsalsstader for tobakk- og tobakkssurrogat i 2024 og 2025.
Fylke | Per 1. mai 2024 | Per 1. mai 2025 |
|---|---|---|
Oslo | 860 | 855 |
Rogaland | 608 | 602 |
Møre og Romsdal | 442 | 445 |
Nordland | 491 | 479 |
Østfold | 353 | 329 |
Akershus | 662 | 656 |
Buskerud | 368 | 360 |
Innlandet | 674 | 661 |
Vestfold | 272 | 270 |
Telemark | 305 | 292 |
Agder | 529 | 515 |
Vestland | 940 | 941 |
Trøndelag | 647 | 636 |
Troms | 283 | 296 |
Finnmark | 179 | 169 |
Svalbard | 3 | 3 |
Totalt | 7616 | 7509 |
Kjelde: Tobakkssals- og bevillingsregisteret
Tilsyn med sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat
Kommunane fører tilsyn med salsstadar for tobakksvarer og tobakkssurrogat som er registrert i TBR. Sysselmeistaren fører tilsyn på Svalbard. Kvar salsstad skal kontrollerast minst éin gong årleg, og kommunen skal årleg utføre minst to gonger så mange tilsyn som det er salsstadar i kommunen.
Tilsynsordninga tredde i kraft 1. januar 2018.
Regelbrot på tobakksskadelova
Formålet med tilsynet er å kontrollere at salsstadane følgjer reglane som gjeld for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat. Tilsynet skal særleg hindre sal av tobakksvarer og -surrogat til mindreårige.
Tabellen nedanfor viser at det i 2024 vart funne 755 regelbrot knytt til sal av tobakksvarer og -surrogat i 80 kommunar. Ei mogleg forklaring på dei lågare tala av brot i 2020 og 2021 kan være pandemitiltak, men talet i 2024 er tilsvarande lågt, så andre årsaker må òg vurderast.
År | Regelbrot |
|---|---|
2018 | 1692 |
2019 | 1187 |
2020 | 512 |
2021 | 705 |
2022 | 1311 |
2023 | 1314 |
| 2024 | 755 |
Kjelde: Kommunane si forvaltning av tobakksskadelova, Helsedirektoratet.
Dei vanlegaste regelbrota i 2024 var manglar ved internkontrollen med 516 brot og brot på forbodet mot synleg oppstilling av tobakksvarer og tobakkssurrogat med 144 brot. Sjå tabellen nedanfor for alle typar regelbrot.
Type regelbrot | Tal på regelbrot 2023 | Tal på regelbrot 2024 |
Synleg oppstilling av tobakksvarer og tobakkssurrogat | 544 | 144 |
Manglar ved internkontrollen | 656 | 516 |
Brot på reklameforbodet | 47 | 48 |
Sal til mindreårige | 3 | 0 |
Sal av ulovleg importerte varer | 1 | 2 |
Andre typar brot (til dømes betening under 18 år, tilbyr kunden smaksprøver) | 63 | 37 |
Brot på merkereglane for tobakkspakningar | * | 0 |
Brot på forbodet mot e-sigarettar med nikotin | * | 1 |
Brot på forbodet mot karakteristisk aroma i e-sigarettar | * | 2 |
Brot på forbodet mot sjølvbetent automat | * | 2 |
Manglande alderskontroll av kunden | * | 3 |
Kjelde: Kommunane si forvaltning av tobakksskadelova, Helsedirektoratet.
* Var ikkje eit alternativ i undersøkinga gjennomført i 2024.
I 2024 var det fem kommunar som hadde mottatt i alt åtte rapportar om brot på røykeforbodet i restaurantar/pubar. I tillegg var det éin kommune som hadde mottatt ein rapport om brot på tobakksforbodet i skuler/barnehagar. Det var og éin kommune som hadde mottatt rapport om brot på røykeforbodet på ein arbeidsplass.
Reaksjonar
Kommunen kan setje i verk fleire typar reaksjonar for brot på reglane om sal av tobakksvarer og -surrogat i tobakksskadelova. Av 80 kommunar som rapporterte om brot i 2024, var det 39 kommunar som fatta vedtak om retting eller tvangsmulkt (n=179) og ingen kommunar ila salsforbod. Éin kommune rapporterte at det vart ilagt politibot for ulovleg sal (éin gong).
Bevilling for innførsel, utførsel og produksjon av tobakksvarer og utstyr for tobakksproduksjon
Tobakkssals- og bevillingsregisteret gir òg oversikt over verksemder som har bevilling for import, eksport og produksjon av tobakksvarer og utstyr for tobakksproduksjon. Det er Helsedirektoratet som gir bevilling til verksemdene.
Bevillingsordninga, som vart innført i 2021, er eit av fleire tiltak for å styrke kontrollen til myndigheitene med omsetninga av tobakksvarer.
Per 1. mai 2025 viser tal frå Tobakkssals- og bevillingsregisteret at det var 28 verksemder som hadde bevilling for innførsel av tobakksvarer, medan 8 verksemder hadde bevilling for utførsel av tobakksvarer. På same tidspunkt var det 2 verksemder som hadde bevilling for produksjon av tobakksvarer.
Kampanjar
Helsedirektoratet har lang tradisjon med å gjennomføre nasjonale tobakkskampanjar for å førebygge og redusere røyking, og etter kvart òg bruk av snus, i befolkninga.
I 2024 gjennomførte Helsedirektoratet sin første nikotinførebyggande kampanje. Bakgrunnen for kampanjen var ei auka bekymring for bruken av særleg vape blant unge, men òg røyk og snus.
Det kreative konseptet «Generasjon fri» skulle balansere mellom det informative og det emosjonelle, med innhald som motiverer målgruppa til å ikkje la seg styre av nikotin, men heller vera fri frå avhengigheit og helseskadar av røyk, snus og vape.
Alle kampanjar som Helsedirektoratet gjennomfører er kunnskapsbaserte og bygger på eit breitt innsiktsarbeid frå blant anna kvalitative og kvantitative undersøkingar, medieanalysar, dokumentanalysar og eksisterande forsking.
Evaluering
Kampanjeevalueringa blei gjennomført med tal frå:
- Spørjeundersøking før og etter kampanjen (såkalla pre- og posttest), sjå metodekapittelet for detaljar.
- Medietal (antal visningar, klikk, fullføringsrate, CPM – Cost Per Mille) i kampanjeperioden.
- Besøkstal frå ung.no (offentleg informasjonskanal for ungdom i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet).
Resultata frå kampanjeevalueringa av Generasjon Fri viste mellom anna at:
- Kampanjen fekk høgare merksemd i målgruppa enn andre kampanjar frå Helsedirektoratet. 41 % rapporterte å ha sett eitt eller fleire kampanjeelement, medan gjennomsnittleg rate for Helsedirektoratet er 38 %. Merksemda var høgast i aldersgruppa 15–19 år.
- Kampanjen fekk følgande antal visningar:
- Snapchat: 6 935 590, TikTok 5 526 280, YouTube: 1 625 751, Twitch: 1 128 246, kino: 639 870
- Det var 48 % som rapporterte at kampanjen har motivert dei til å la vera å bruke produkt som inneheld nikotin. Blant dei som bruker nikotinprodukt rapporterte 25 % at kampanjen motiverte dei til å bli fri frå nikotin.
- Om lag halvparten av dei spurde meinte kampanjefilmen var vennleg og engasjerande.
- 67 % meinte kampanjen fekk tydeleg frem at nikotin kan påverke hjernen hos unge negativt, mens 74 % meinte kampanjen kommuniserte at det er godt å vera fri frå avhengigheit.
- Det var om lag 16 % som rapporterte at dei vart meir motiverte til å søke meir informasjon om temaet på ung.no (som var landingsside for meir informasjon om temaet i kampanjen). Signifikant fleire blant dei yngste rapporterte dette, som er særleg den målgruppa Helsedirektoratet har retta seg mot.
- Den nyoppretta artikkelen om nikotin på ung.no hadde 50 282 unike sidevisningar i mai–juli 2024.
Påstand | Andel som svarte dette før kampanjen (%) | Andel som svarte dette etter kampanjen (%) |
|---|---|---|
Eg er einig eller helt einig i at å røyke av og til gir auka risiko for helseskadar | 87 | 91 |
Eg er einig eller helt einig i at det å snuse dagleg gir auka risiko for helseskadar | 87 | 91 |
Eg er einig eller helt einig i at det å snuse sjeldan gir auka risiko for helseskadar | 47 | 54 |
Eg er einig eller helt einig i at det å vape av og til gir auka risiko for helseskadar | 68 | 78 |
Eg er einig eller helt einig i at det å vape sjeldan gir auka risiko for helseskadar | 45 | 52 |
Å vere avhengig av nikotin er noko eg aldri vil bli | 53 | 60 |
Å vere avhengig av nikotin er flaut | 22 | 28 |
Slutta-appen
Helsedirektoratet lanserte Slutta-appen for hjelp til å slutte med røyk og snus i 2012. Sidan den vart lansert har han vorte lasta ned i underkant av 2 millionar gonger. Året med flest nedlastingar var i 2020, med om lag 235 000 nedlastingar.
Det er fleire som vel å bruke appen til å slutte med snus, enn med røyk. Frå 10. mars 2025 til 10. mars 2026 blei appen lasta ned vel 40 000 gonger til røykeslutt, og vel 129 000 gonger til å slutte med snus. I 2025 vart det òg mogleg å bruke appen til å slutte med vape (òg kalla e-sigarett eller fordampar), og mellom mars 2025 og mars 2026 blei appen lasta ned nesten 6000 gonger til dette formålet.