Kapittel 2.5 Sosiodemografiske forskjellar

Bruk av tobakksprodukt og vape etter utdanning

Tal frå Rus- og tobakksundersøkinga i 2025 viser at bruk av sigarettar, snus og vape er meir utbreidd blant personar med kortare utdanning samanlikna med dei med lengre utdanning (aldersgruppa 25 år eller eldre). Ein høgare andel av dei med grunnskule eller vidaregåande skule rapporterer at dei røyker dagleg (høvesvis 14,3 og 10,4 %) samanlikna med dei som har universitetsutdanning (3,3 %). Det å røyke av og til er jamnare fordelt mellom utdanningsgruppene, sjå figur nedanfor.

Det er mindre forskjellar mellom utdanningsgruppene i andelen som rapporterte bruk av snus, sjølv om det òg her er noko mindre bruk blant dei med lengre utdanning. Blant dei med grunnskule eller vidaregåande skule rapporterte 18 % å bruke snus dagleg i 2025. Om lag 13 % av dei med lågare universitetsutdanning, og om lag 9 % av dei med høgare universitetsutdanning rapporterte å bruke snus dagleg i 2025.

I alle utdanningsgrupper er det mindre vanleg å bruke snus av og til, enn å røyke av og til.

Det var mindre forskjellar mellom utdanningsgruppene i andelane som rapporterte å bruke snus av og til enn mellom dei som brukte snus dagleg, sjå figuren nedanfor.

Bruk av vape er òg meir utbreidd blant dei med kortare utdanning. Om lag 2 % av dei med grunnskule rapporterte at dei brukte vape dagleg i 2025, mot mindre enn 1 % blant dei med universitetsutdanning.

Det er meir utbreidd å bruke vape av og til enn dagleg, og slik bruk er og meir vanleg blant de med kortare utdanning; meir enn 5 % av dei med grunnskule brukte vape av og til i 2025 mot mindre enn 1 % av dei med høgare universitetsutdanning, sjå figur.

Bruk av tobakksprodukt og vape etter fødeland

Røyking varierer med fødelandsgruppe. Daglegrøyking er meir utbreidd blant dei som er fødde i Europa (utanom Noreg) enn i Noreg, Asia, Afrika og andre land (dette er land i Sør- og Mellom-Amerika, Nord-Amerika og Oseania).

Det er mindre skilnader i av-og-til-røyking mellom fødelandsgruppe, med unntak av Afrika, der ingen i utvalet rapporterte å røyke av og til, sjå figur.

Dagleg bruk av snus er meir utbreidd blant dei som er fødde i Noreg samanlikna med dei andre fødelangsgruppene.

Bruk av snus av og til er mindre vanleg enn dagleg bruk i alle fødelandsgrupper utanom i «andre land». Av-og-til-bruk av snus er noko meir vanleg blant dei som er fødde utanfor Europa, sjå figur.

Dagleg bruk av vape er lite utbreidd i alle fødelandsgrupper (rundt 1 %), og mindre utbreidd enn bruk av og til, med unntak frå landa i Sør- og Mellom-Amerika, Nord-Amerika og Oseania og Afrika der dagleg bruk er meir utbreidd enn bruk av og til.

Av-og-til-bruk av vape er meir vanleg blant dei med fødeland i Europa (utanom Noreg) og Asia samanlikna med dei dei andre fødelandsgruppene, inkludert Noreg, sjå figur.

Sist fagleg oppdatert: 25. mars 2026