Kapittel 2.4 Kombinert bruk av tobakksprodukt og vape

Bruk av fleire produkt

Dei fleste som bruker tobakksprodukt eller vape bruker berre eitt produkt, men i 2025 var det likevel ein stor andel som rapporterte å bruke ulike kombinasjonar av to eller fleire tobakks- og nikotinprodukt. Det var om lag 30 % (26 % av kvinnene og 36 % av mennene) (16–79 år) som rapporterte at dei brukte minst eit tobakks- eller nikotinprodukt dagleg eller av og til, dvs. at dei brukte enten berre eitt produkt, eller to eller tre i kombinasjon. I aldersgruppa 16 til 24 år var andelane høgare, og om lag 41 % av både kvinner og menn brukte minst eit produkt dagleg eller av og til (ikkje vist i figur).

Det var 20 % av kvinnene og nesten 27 % av mennene (16–79 år) som rapporterte at dei brukte eit tobakks- eller nikotinprodukt dagleg eller av og til, dvs. at dei brukte snus, vape eller røykte, sjå figur nedanfor. Blant kvinner og menn i same aldersgruppa, var det høvesvis om lag 6 % og 9 % som brukte to eller fleire tobakks- og nikotinprodukt i kombinasjon.

Kombinasjonar blant vaksne

Den vanlegaste kombinasjonen av bruk av to produkt, var bruk av snus og sigarettar (dagleg eller av og til) for kvinner og menn samla (16–79 år); om lag 13 % av dei som brukte minst eitt tobakks- og/eller nikotinprodukt kombinerte snus og sigarettar. Den minst vanlege kombinasjonen av to produkt, var vape og snus med 2,5 % (kjønn samla), medan 5 % brukte både vape og sigarettar, sjå figur.

Bruk av eitt, to eller tre tobakks- og/eller nikotinprodukt

Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn samla, 16–79 år, 2025

Venndiagram presenterer overlapp mellom bruk av røyk, snus og vape, og viser de eksakt samme tallene som i tabellen som følger rett under bildet.
Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)

Det var tydelege forskjellar mellom kvinner og menn, ved at kombinasjonen av snus og sigarettar var vanlegare blant menn (om lag 17 %) enn blant kvinner (om lag 8 %). Kombinasjonane av snus og vape og sigarettar og vape var vanlegare blant kvinner enn blant menn. Det var om lag 4 % av både menn og kvinner som brukte alle tre produkta, sjå figuren og tabellen nedanfor.

Bruk av eitt, to eller tre tobakks- og/eller nikotinprodukt blant kvinner og menn

Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn 16–79 år, 2025

Venndiagram presenterer overlapp mellom bruk av røyk, snus og vape, og viser de eksakt samme tallene som i tabellen som følger rett under bildet.
Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)

Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn 16–79 år, 2025

Tobakksprodukt

Kvinner (%)

Menn (%)

Totalt (%)

Snus

38,6

47,5

43,8

Røyk

34,6

23,6

28,2

Vape

4,5

2,7

3,4

Vape og snus

3,3

2,0

2,5

Vape og røyk

6,6

3,8

5,0

Snus og røyk

8,3

16,9

13,4

Vape, snus og røyk

4,1

3,6

3.8

Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)

Kombinasjonar blant unge

I aldersgruppa 16 til 24 år var fordelinga noko forskjellig frå dei som var 16 til 79 år og brukte minst eit av dei tre produkta. Blant dei unge var det ein større andel som brukte alle tre produkta i kombinasjon, med om lag 10 % som gjorde dette, sjå figurar og tabell nedanfor.

Bruk av eitt, to eller tre tobakks- og/eller nikotinprodukt, 16-24 år

Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn samla, 16–24 år, 2025

Venndiagram presenterer overlapp mellom bruk av røyk, snus og vape, og viser de eksakt samme tallene som i tabellen som følger nedenfor.
Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)

Bruk av eitt, to eller tre tobakks- og/eller nikotinprodukt, 16-24 år

Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn, 16–24 år, 2025

Venndiagram presenterer overlapp mellom bruk av røyk, snus og vape, og viser de eksakt samme tallene som i tabellen som følger rett under bildet.
Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)
Bruk av eitt, to eller tre tobakks- og/eller nikotinprodukt, 16-24 år. Andel som bruker sigarettar, snus og/eller e-sigarettar/vape aleine eller i kombinasjon dagleg eller av og til blant dei som bruker eitt eller fleire slike produkt, kvinner og menn 16–24 år, 2025.

Tobakksprodukt

Kvinner (%)

Menn (%)

Totalt (%)

Snus

34,4

38,8

36,8

Røyk

18,1

19,2

18,7

Vape

8,4

1,1

4,5

Vape og snus

7,0

3,0

4,8

Vape og røyk

8,5

1,7

4,9

Snus og røyk

12,9

27

20,4

Vape, snus og røyk

10,7

9,2

9,9

Helsedirektoratet, tal frå Rus- og tobakksundersøkinga (SSB)

Sist fagleg oppdatert: 24. juni 2026

Til toppen