Den vanlegaste måten å bruke tobakksprodukt på i Noreg er å røyke eller bruke snus. Til samanlikning er det langt færre som rapporterer at dei bruker vape (òg kalla e-sigarett eller fordampar) (med og utan nikotin kombinert) dagleg eller av og til.
Dagleg bruk av vape har lege stabilt på om lag 1 % i alle aldersgrupper frå 2012 til 2025. Andelen som bruker vape av og til er derimot høgare, og har auka i nokre aldersgrupper. Auken dei siste fire til fem åra i av-og-til-bruk er spesielt stor hos jenter 16–24 år, frå om lag 2 % i 2020 til 13 % i 2025. Hos gutar 16–24 år har andelen auka frå om lag 3 % i 2020 til 6 % i 2025. Det har ikkje vore ein auke frå 2024 til 2025, sjå figurar nedanfor.
I 2025 var det like mange menn som kvinner som rapporterte å bruke vape dagleg, 1,1 %, medan litt fleire kvinner enn menn rapporterte å bruke vape av og til; 3,8 % mot 3,2 %.
Som figuren nedanfor viser var det relativt liten forskjell i dagleg bruk av vape mellom ulike aldersgrupper medan av-og-til-bruk var langt meir utbreidd blant 15–24-åringar enn i høgare aldersgrupper.
Av dei som rapporterte å bruke vape dagleg eller av og til i 2025, var det om lag 77 % som brukte vape med nikotin, om lag 11 % brukte utan nikotin og 12 % som ikkje visste om dei inneheldt nikotin.