I perioden frå 2007 til og med 2020 har det vore jamn nedgang i talet på fødslar etter assistert befruktning meir en eit barn (tvillingar og i nokre tilfelle trillingar). Dette er ei positiv utvikling. Tvilling- og trillingsvangerskap og fødslar gir auka risiko for komplikasjonar hos mor og barn. Som vist i figuren var nær 13 prosent av fødslane etter behandlingar med assistert befruktning utført i 2007 tvillingfødslar (og i nokre tilfelle trillingar). Sidan 2020 har dette talet vore stabilt rundt 3 til 3.4 prosent.
Y-aksen viser kor stor del (i prosent) av fødslane som var ein fødsel med tvillingar (og i nokre få tilfelle trillingar). Fødslar er registrert på det året behandlinga blei utført. Fødselen kan ha funne stad same året eller året etter.
Praksis med å berre sette inn eitt befrukta egg når det er mogleg, er den viktigaste årsaka til den sterke reduksjonen i tvilling- og trillingsvangerskap etter assistert befruktning. Det skjer no i over 90 prosent av behandlingane.
Nokre av klinikkane har mindre enn 3 prosent tvillingfødslar etter assistert befruktning, og nokon rapporterer framleis tal som ligg ein del over landsgjennomsnittet. Det er viktig å fortsette ein praksis som held talet på fødslar med meir en eit barn så lågt som mogleg.