Kapittel 4.2 Fødslar etter assistert befruktning

Ei kvinne kan bære fram fleire barn i eit svangerskap, difor er det viktig å telle fødslar, då dette speglar kor mange kvinner som blei gravide og bar fram barn etter assistert befruktning det aktuelle året. Det var til saman 40 451 fødslar etter behandlingar med assistert befruktning utført i perioden frå og med 2007 til og med 2023. Av dei var 27 665 (68,4 prosent) eit resultat av behandlingar utført ved ei offentleg verksemd, og 12 786 (31,6 prosent) eit resultat av behandlingar ved ei privat verksemd. Gjennom perioden er det ei auking i fødslar etter opptining og innsetting av embryo som har vore fryst samanlikna med innsetting av ferske embryo. Dette kan være for å unngå risiko for overstimuleringssyndrom, med det kan også vere  ein bevist strategi for å akkumulera fryste embryo og då særleg hos eldre kvinner eller hos dei med reduserte eggreservar.

Kurvene nedanfor viser kor mange  kvinner som fødde barn etter behandling utført kvart år i perioden, totalt og fordelt på offentlege og private verksemder. Fødslar er registrert på det året behandlinga blei utført. Fødselen kan ha funne stad same året eller året etter.

Vi ser at det i stort har vore ei jamn auke i fødslar etter assistert befruktning gjennom perioden. Talet på fødslar etter behandling utført ved offentlege verksemder har kvart år vore høgare enn talet på fødslar etter behandling ved private klinikkar, men forskjellen blir stadig mindre. 

Gjennom dagens rapportering kan ein ikkje gjere statistiske analyser og korrigere for faktorar som vi veit har betydning for utfall.

Y-aksen i figuren viser fødslar registrert på det året behandlinga blei utført. Fødselen kan ha funne stad same året eller året etter. Det er forskjell mellom tal på fødslar og barn fordi ein del av fødslane er tvilling- eller trillingfødslar.

Den turkise kurva øvst viser kor mange  kvinner som fødde etter behandling med assistert befruktning utført det aktuelle året. Den mørkegrøne kurva i midten viser kor mange kvinner som fødde etter behandling utført ved offentlege verksemder (offentleg) og den lilla kurva viser kor mange som fødde etter behandling utført ved private verksemder (privat).

Siste faglige endring: 17. juni 2026