Kapittel 1 Om datasettet

Data presentert her viser utvikling i bruk av assistert befruktning i perioden 2007 til og med 2023. Data er henta frå rapporter som Helsedirektoratet mottek frå verksemdene som er godkjende for assistert befruktning. Data som blir presentert viser aktivitet og trendar over tid, og seier ikkje noko om kvaliteten på behandlingane.  Vi viser data om behandlingar og fødslar etter året behandlinga blei utført, fordi det er slik verksemdene rapporterer sine aktivitetsdata til Helsedirektoratet. Det vil seie at talet på fødslar og barn er resultatet av behandlingane utført aktuelle år. Barna kan vere fødde same år som behandlinga skjedde, eller året etter.

Data blir henta inn året etter at alle fødslar har funne stad. Dei nyaste tala frå 2023 blei innhenta våren 2025.

Vi veit at det det kan vere feil i tala som blir presentert her, særleg i datasetta som blei henta inn før 2018. Det gjeld i hovudsak talet på barn født etter behandlingar utført det aktuelle året. Grunnen er bl.a. at det ikkje alltid er kjent om kvinna var gravid med eitt eller fleire barn.  

Ein del av materialet er tidlegare offentleggjort i rapportane om evaluering av bioteknologiloven 2024 til 2025, sjå: Assistert befruktning og Utfyllende om utvikling innen fagområdet assistert befruktning basert på statistikk

Direktoratet vil takke fagmiljøet ved Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet for gode faglege innspel til rapporten og bidrag med figurar og data. Helsedirektoratet står ansvarleg for innhald og framstilling av data.

Siste faglige endring: 17. juni 2026