Ingen av helseregionane når responstida for ambulanse

Ambulanse som kjører på oppdrag.

Det samla talet på akutte ambulanseutrykkingar i Noreg har gått marginalt ned frå 2024 til 2025 Foto: Mostphotos

Først publisert: 11.06.2026 Siste faglige endring: 11.06.2026

Dei siste fem åra har ingen av helseregionane nådd dei rettleiande tidene for responstid for ambulanse ved akutte hendingar. Det viser dei nyleg publiserte nasjonale kvalitetsindikatorane.

Tida frå ei alvorleg hending skjer til pasienten får nødvendig helsehjelp, er ofte avgjerande for å unngå dødsfall, liding eller tap av funksjonsnivå.

I dag er det rettleiande målet at ambulansen skal vere framme på hendingsstaden innan 12 minutt i 90 prosent av dei akutte hendingane i tettbygde strok, og innan 25 minutt i 90 prosent av dei akutte hendingane i spreiddbygde strøk.

– Ved akutte hendingar er tida avgjerande for pasienten. Derfor er det viktig at det blir arbeidd målretta med å sikre riktige prioriteringar og treffsikker bruk av ambulanseressursane, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.

Avgjerande forbetringsarbeid i AMK-sentralane

Det samla talet på akutte ambulanseutrykkingar i Noreg har gått marginalt ned frå 2024 til 2025. AMK Trondheim skil seg likevel ut med ein tydeleg nedgang. Avdelingssjef Christoffer Strøm  peikar på at denne utviklinga kan ha samanheng med eit målretta forbetringsarbeid. Nokre av grepa AMK Trondheim har teke, er knytte til mottak og gjennomføring av samtalar, klinisk vurdering og val av respons.

– Vi har endra måten 113-samtalen blir innleidd på, slik at innringaren i større grad får høve til å beskrive situasjonen før operatøren startar det strukturerte intervjuet. Dette har vore kombinert med trening og auka medvit rundt kommunikasjonsteknikkar, seier Strøm.

Ifølgje deira analysar får fleire pasientar no oppfølging på riktig nivå tidlegare i forløpet, i mange tilfelle utan behov for akutt ambulanseutrykking.

Vurderer endringar i måten å måle på

Kvalitetsindikatoren for responstid inkluderer òg tida AMK-sentralane bruker på å handtere førespurnadene. No vurderer Helsedirektoratet å endre måten indikatoren blir berekna på, slik at tida som blir brukt i AMK-sentralen, blir skild ut frå tida som i dag ligg til grunn for berekning av responstid. Ei slik justering vil gi eit meir presist mål på responstida for ambulanse. Ei eventuell endring vil bety at tidene, slik dei blir rapporterte i dag, vil gå litt ned.

Nyleg publiserte tal frå dei nasjonale kvalitetsindikatorane, utarbeidde saman med Folkehelseinstituttet:

Fleire oppdaterte kvalitetsindikatorer: Kvalitetsindikatorer juni 2026 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold