Kapittel 4.2 Forvaltning og tilsyn

Registrerte stadar for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat

Alle som sel tobakksvarer og tobakkssurrogat frå ein fysisk utsalsstad skal vera registrert i Tobakkssals- og bevillingsregisteret (TBR). Vape (òg kalla e-sigarett eller fordampar) er det vanlegaste tobakkssurrogatet.

Tabellen nedanfor viser tal på utsalsstader for tobakksvarer og tobakkssurrogat i 2024 og 2025.

Tal på salsstadar i fylka
FylkePer 1. mai 2024Per 1. mai 2025
Oslo860855
Rogaland608602
Møre og Romsdal442445
Nordland491479
Østfold353329
Akershus662656
Buskerud368360
Innlandet674661
Vestfold272270
Telemark305292
Agder529515
Vestland940941
Trøndelag647636
Troms283296
Finnmark179169
Svalbard33
Totalt76167509

Kjelde: Tobakkssals- og bevillingsregisteret

Tilsyn med sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat

Kommunane fører tilsyn med salsstadar for tobakksvarer og tobakkssurrogat som er registrert i TBR. Sysselmeistaren fører tilsyn på Svalbard. Kvar salsstad skal kontrollerast minst éin gong årleg, og kommunen skal årleg utføre minst to gonger så mange tilsyn som det er salsstadar i kommunen.

Tilsynsordninga tredde i kraft 1. januar 2018.

Regelbrot på tobakksskadelova

Formålet med tilsynet er å kontrollere at salsstadane følgjer reglane som gjeld for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat. Tilsynet skal særleg hindre sal av tobakksvarer og -surrogat til mindreårige.

Tabellen nedanfor viser at det i 2024 vart funne 755 regelbrot knytt til sal av tobakksvarer og -surrogat i 80 kommunar. Ei mogleg forklaring på dei lågare tala av brot i 2020 og 2021 kan være pandemitiltak, men talet i 2024 er tilsvarande lågt, så andre årsaker må òg vurderast.

Tal på regelbrot på tobakksskadelova som kommunane har avdekka i perioden 2018–2024
ÅrRegelbrot
20181692
20191187
2020512
2021705
20221311
20231314
2024755

Kjelde: Kommunane si forvaltning av tobakksskadelova, Helsedirektoratet.

Dei vanlegaste regelbrota i 2024 var manglar ved internkontrollen med 516 brot og brot på forbodet mot synleg oppstilling av tobakksvarer og tobakkssurrogat med 144 brot. Sjå tabellen nedanfor for alle typar regelbrot.

Type regelbrot på tobakksskadelova, i 2023 og 2024
Type regelbrotTal på regelbrot 2023Tal på regelbrot 2024
Synleg oppstilling av tobakksvarer og tobakkssurrogat544144
Manglar ved internkontrollen656516
Brot på reklameforbodet4748
Sal til mindreårige30
Sal av ulovleg importerte varer12
Andre typar brot (til dømes betening under 18 år, tilbyr kunden smaksprøver)6337
Brot på merkereglane for tobakkspakningar*0
Brot på forbodet mot e-sigarettar med nikotin*1
Brot på forbodet mot karakteristisk aroma i e-sigarettar*2
Brot på forbodet mot sjølvbetent automat*2
Manglande alderskontroll av kunden*3

Kjelde: Kommunane si forvaltning av tobakksskadelova, Helsedirektoratet.
* Var ikkje eit alternativ i undersøkinga gjennomført i 2024.

I 2024 var det fem kommunar som hadde mottatt i alt åtte rapportar om brot på røykeforbodet i restaurantar/pubar. I tillegg var det éin kommune som hadde mottatt ein rapport om brot på tobakksforbodet i skuler/barnehagar. Det var og éin kommune som hadde mottatt rapport om brot på røykeforbodet på ein arbeidsplass.

Reaksjonar

Kommunen kan setje i verk fleire typar reaksjonar for brot på reglane om sal av tobakksvarer og -surrogat i tobakksskadelova. Av 80 kommunar som rapporterte om brot i 2024, var det 39 kommunar som fatta vedtak om retting eller tvangsmulkt (n=179) og ingen kommunar ila salsforbod. Éin kommune rapporterte at det vart ilagt politibot for ulovleg sal (éin gong).

Bevilling for innførsel, utførsel og produksjon av tobakksvarer og utstyr for tobakksproduksjon

Tobakkssals- og bevillingsregisteret gir òg oversikt over verksemder som har bevilling for import, eksport og produksjon av tobakksvarer og utstyr for tobakksproduksjon. Det er Helsedirektoratet som gir bevilling til verksemdene.

Bevillingsordninga, som vart innført i 2021, er eit av fleire tiltak for å styrke kontrollen til myndigheitene med omsetninga av tobakksvarer.

Per 1. mai 2025 viser tal frå Tobakkssals- og bevillingsregisteret at det var 28 verksemder som hadde bevilling for innførsel av tobakksvarer, medan 8 verksemder hadde bevilling for utførsel av tobakksvarer. På same tidspunkt var det 2 verksemder som hadde bevilling for produksjon av tobakksvarer.

Sist fagleg oppdatert: 25. mars 2026

Til toppen