Kapittel 2.1 Røyking

Daglegrøyking i befolkninga har gått ned i Noreg i heile perioden der dette er målt (1973 til 2025). Samtidig har forskjellen i daglegrøyking mellom kvinner og menn forsvunne i løpet av same periode (Utbredelse av røyking i Norge, FHI, 2024). Det er flest som røyker dagleg i aldersgruppene som er eldre enn 45 år, sjå figurar nedanfor.

Andelen som røyker av og til har ikkje hatt den same nedgangen over tid som daglegrøyking. Den har lege på eit jamt lågare nivå med ein gjennomsnittleg førekomst på 8–12 % i heile perioden frå 1973 til 2025.

Det har vore ei auke i av-og-til-røyking blant menn 16–34 år frå 2018 til 2024. Blant unge menn i alderen16–24 år har andelen som røyker av og til auka heilt sidan 2012 til 2024. Det var inga ytterlegare endring i av-og-til-røyking blant unge menn frå 2024 til 2025. Andelen unge kvinner (16–24 år) som røyker av og til har lege rundt 10 % frå 2012, med nokre variasjonar. Men i 2025 steig andelen til 18 %, sjå figurar nedanfor.

I 2025 rapporterte i overkant av 7 % av både menn og kvinner at dei røykte dagleg. Omfanget av av-og-til-røyking var i 2025 om lag på same nivå som i tidlegare år (Utbredelse av røyking i Norge, FHI, 2024), med om lag 10 % blant menn og 7 % blant kvinner, 8,4 % totalt.

Det er store forskjellar i førekomsten av dagleg- og av-og-til-røyking mellom ulike aldersgrupper, med ein aukande trend for daglegrøyking og ein minkande trend for av-og-til-røyking med aukande alder. Blant 16–24-åringane rapporterte 1,4 % at dei røykte dagleg i 2025, medan andelen blant 25–34-åringane låg på 2,6 %. I aldersgruppene 45–54 år og 55–64 år rapporterte om lag 12 % å røyke dagleg.

For av-og-til-røyking er situasjonen motsett, og vi finn dei høgaste andelane i yngre aldersgrupper. Blant 16–24-åringane rapporterte om lag 21 % at dei røykte av og til, medan andelen blant 25–34-åringane var om lag 11 %.

Sist fagleg oppdatert: 25. mars 2026