Daglegrøyking i befolkninga har gått ned i Noreg i heile perioden der dette er målt (1973 til 2024). Samtidig har forskjellen i daglegrøyking mellom kvinner og menn forsvunne i løpet av same periode (Utbredelse av røyking i Norge, FHI, 2024). Det er flest som røyker dagleg i aldersgruppene som er eldre enn 45 år.
Andelen som røyker av til har ikkje hatt den same nedgangen over tid som daglegrøyking. Den har lege på eit jamt lågare nivå med ein gjennomsnittleg førekomst på 8–12 % frå 1973 til 2024. Det har vore ei auke i av-og-til-røyking blant menn 16–34 år sidan 2018, og særleg blant unge menn 16–24 år, der andelen som røyker av og til har auka sidan 2012.
I 2024 oppgav i underkant av 8 % av både menn og kvinner at dei røykte dagleg. Omfanget av av-og-til-røyking var i 2024 omtrent på same nivå som i tidlegare år (Utbredelse av røyking i Norge, FHI, 2024), med omtrent 10 % blant menn og 6 % blant kvinner, 8,4 % totalt.
Det er store forskjellar i førekomsten av dagleg- og av-og-til-røyking mellom ulike aldersgrupper, med ein aukande trend for daglegrøyking og ein minkande trend for av-og-til-røyking med aukande alder. Blant 15–24-åringar oppgav 2,2 % at dei røykte dagleg i 2024, medan andelen blant 25–34-åringar låg på 3,2 %. Den høgaste andelen som røykte dagleg var i aldersgruppa 55–64 år, med 12,6 %.
For av-og-til-røyking er situasjonen motsett, og vi finn dei høgaste andelane i yngre aldersgrupper. Blant 16–24-åringar oppgav 17 % at dei røykte av og til, medan andelen blant 25–34-åringar var vel 12 %.