Kapittel 2.7 Røykeslutt

Av dei som røyker dagleg oppgav 82 % at dei hadde forsøkt å slutte minst éin gong, og 28,3 % hadde forsøkt å slutte i løpet av dei siste 12 månadene.

Blant dei som tidlegare hadde røykt dagleg, var den mest brukte sluttemetoden å bruke snus. Det var om lag 41 % som oppgav at dei brukte snus som hjelpemiddel då dei slutta. Snus som sluttehjelpemiddel var meir vanleg blant menn (51 %) enn blant kvinner (29 %). 

Mange av dei som prøvde å slutte å røyke nytta andre metodar som ulike nikotinlegemiddel, for eksempel nikotinplaster eller nikotintyggegummi, og e-sigarettar.

*blant dei som tidlegare hadde røykt dagleg

Blant dei som hadde forsøkt å slutte med daglegrøyking, men utan å lykkast, var den vanlegaste metoden ved siste røykesluttforsøk bruk av nikotinlegemiddel og e-sigarettar. Ein høg andel hadde også brukt snus som sluttemetode.

*blant dei som har forsøkt å slutte med daglegrøyking, men utan å lykkast

Det er viktig å merke seg at ein svært høg andel både blant dei som lykkast og dei som ikkje lykkast med å slutte å røyke, ikkje brukte nokon av metodane det blei spurt etter. Det er derfor uklart om denne gruppa brukte ein annan metode, eller slutta eller prøvde å slutte utan bruk av hjelpemiddel.

Bruk av ulike sluttehjelpemiddel for vellykka røykeslutt (daglegrøyking), varierer med alder. Blant dei under 45 år er snus som sluttehjelpemiddel langt meir brukt enn blant dei på 45 år og eldre. Når det gjelder slutteforsøk som ikkje lykkast, er e-sigarettar meir brukt blant dei under 45 år enn dei på 45 år og eldre, medan dei eldre i større grad bruker nikotinlegemiddel.

*blant dei som tidlegare hadde røykt dagleg

*blant dei som har forsøkt å slutte med daglegrøyking, men utan å lykkast

Sist fagleg oppdatert: 21. august 2025