Kapittel 2.4 Kombinert bruk av tobakksprodukt og e-sigarettar

Dei fleste som bruker tobakksprodukt eller e-sigarettar bruker berre eitt produkt, men i 2024 var det likevel ein stor andel som oppgav å bruke to eller tre produkt.

Blant menn som bruker tobakksprodukt og/eller e-sigarettar oppgav over 16 % at dei brukte både snus og sigarettar. Av desse oppgav 3–4 % kombinasjonar av enten e-sigarettar og sigarettar, e-sigarettar og snus, eller e-sigarettar, sigarettar og snus.

For kvinner var den vanlegaste kombinasjonen e-sigarettar og sigarettar, ein type dobbelbruk som blei oppgitt av over 9 % av dei som brukte tobakks- eller nikotinprodukt. Det var om lag 7 % som oppgav at dei brukte både snus og sigarettar.

*bruker to eller tre ulike tobakksprodukt og/eller e-sigarettar dagleg eller av og til

Å bruke meir enn eitt produkt var vanlegare i den yngste aldersgruppa i følgje tal frå Rus- og tobakksundersøkinga i 2024. Dei største forskjellane i bruk mellom dei ulike aldersgruppene var for kombinasjonen av snus og røyk, og det å bruke alle tre produkta.

*bruker to eller tre ulike tobakksprodukt og/eller e-sigarettar dagleg eller av og til

Sist fagleg oppdatert: 21. august 2025