I 2024 var gjennomsnittleg alder for debut av daglegrøyking* 17,5 år. Det var små kjønnsforskjellar.
For regelmessig** bruk av snus var gjennomsnittleg debutalder 24,7 år, og kvinner starta i gjennomsnitt eitt år seinare enn menn (25,3 år mot 24,4 år).
Dersom ein ser spesielt på kvinner i aldersgruppa 45–79 år var gjennomsnittleg debutalder for regelmessig bruk av snus oppgitt å vere 42,2 år, og 17,8 år for debut av daglegrøyking. For menn i denne aldersgruppa var gjennomsnittleg debutalder for regelmessig bruk av snus oppgitt å vere 34,6 år, medan gjennomsnittleg debutalder for daglegrøyking var oppgitt til 17,6 år.
* Spørsmålet blei stilt berre til dei som oppgav å røyke dagleg nå eller hadde røykt dagleg tidlegare.
** Spørsmålet i undersøkinga er: «Kor gamal var du då du begynte å bruke snus regelmessig?» og blei stilt dei som oppgir å bruke snus dagleg eller av og til nå, eller har brukt snus tidlegare.