Røyking er meir utbreidd blant dei med kortare utdanning (blant dei som er 25 år eller eldre), og er ein viktig faktor som bidreg til sosial ulikskap i helse. Tal frå 2024 viser at bruk av tobakksprodukt og e-sigarettar er meir utbreidd blant personar med kortare utdanning enn blant dei med lengre. Ein høgare andel blant dei med grunnskule eller vidaregåande skule rapporterer at dei røyker dagleg (høvesvis 14,3 og 11,4 %) samanlikna med dei som har universitetsutdanning (4,1 %). Det å røyke av og til er jamt fordelt mellom utdanningsgruppene, der andelen ligg på om lag 7 %.
Det er mindre forskjellar mellom utdanningsgruppene i andelen som oppgir bruk av snus, sjølv om det også her er noko mindre bruk blant dei med lengre utdanning. Mellom 15 og 16 % av dei med grunnskule eller vidaregåande skule oppgir å bruke snus dagleg, medan tilsvarande andel blant dei med universitetsutdanning er 12,6 %.
I alle utdanningsgrupper er det mindre vanleg å bruke snus av og til enn å røyke av og til. Blant dei med grunnskule oppgir 3,3 % at dei bruker snus av og til, medan tilsvarande tal for dei med vidaregåande skule og universitetsutdanning er høvesvis 4,4 og 4,7 %.
Også bruk av e-sigarettar er meir utbreidd blant dei med kortare utdanning. Blant dei med grunnskule oppgir 3,3 % at dei bruker e-sigarettar dagleg, mot 1,5 og 0,6 % blant dei med høvesvis vidaregåande skule og universitetsutdanning. Det er meir utbreidd å bruke e-sigarettar av og til enn dagleg. Av-og-til-bruk er mindre vanleg blant dei med lengre utdanning; om lag 2 % blant dei med vidaregåande skule og universitetsutdanning oppgir av-og-til-bruk, medan om lag 4 % blant dei med grunnskule oppgjer dette.
I tillegg til at det er høgare andelar som bruker dei ulike tobakksprodukt og e-sigarettar blant dei med kortare utdanning, er det fleire (av tobakks- og nikotinbrukarane) i denne gruppa som bruker meir enn eitt produkt. Dette kan mellom anna komme av at fleire av dei med grunnskule er yngre (og enno ikkje har fullført utdanningsløpet sitt), og bruk av fleire produkt er meir vanleg blant dei yngre.
*bruker to eller tre ulike tobakksprodukt og/eller e-sigarettar dagleg eller av og til