Kapittel 2.3 Bruk av e-sigarettar/vape

Den vanlegaste måten å bruke tobakksprodukt på i Noreg er å røyke eller bruke snus. Til samanlikning er det langt lågare andelar som oppgir at dei bruker e-sigarettar (også kalla "vape") dagleg eller av og til.  Tala under gjeld både e-sigarettar med og utan nikotin.

Auken dei siste fire åra i bruk av e-sigarettar er spesielt stor hos jenter 16–24 år. Andelen som brukar e-sigarettar av og til har blant desse auka frå om lag 2 % i 2020 til 14 % i 2024. Hos gutar 16–24 år har andelen auka frå omtrent 3 % i 2020 til 7 % i 2024.

Blant menn oppgav 1,1 % at dei brukte e-sigarettar dagleg, medan 3,0 % brukte e-sigarettar av og til i 2024. Blant kvinner var andelen som oppgav dagleg bruk 1,6 %, medan  4,0 % oppgav å bruke e-sigarettar av og til.

Det var relativt liten forskjell mellom aldersgrupper når det gjeld dagleg bruk av e-sigarettar. Blant personar som oppgav av-og-til-bruk av e-sigarettar, var det langt meir utbreidd blant 15–24-åringar enn i høgare aldersgrupper Denne aldersgruppa viser også ein stor auke i førekomsten av av-og-til-bruk av e-sigarettar.

Sist fagleg oppdatert: 21. august 2025