Samla sett er det gode resultat gjennom heile forløpet. Indikatorverdiane ligg jamt over i den øvre, positive delen av skalaen som går frå 0–100, der 100 er best.
- Svangerskapskontrollen hos jordmor skårar høgast.
- Informasjon om helsa til kvinna på barselavdelinga skårar lågast.
- Indikatorar som omhandlar informasjon i dei ulike fasane av forløpet skil seg ut med litt lågare verdiar enn resten, sjølv om nivået jamt over er godt.
- Som i tidlegare undersøkingar, har indikatorane som viser erfaringane til kvinnene med opphaldet på barselavdelinga størst variasjon.
- Det er variasjonar i resultata (skår) mellom sjukehus og mellom kommunar, men på overordna nivå er det små geografiske forskjellar.
Svangerskapsomsorga
På spørsmål om tenestene alt i alt var tilfredsstillande, svarte 83 prosent "I svært stor grad" eller "I stor grad", som er dei to mest positive kategoriane. Hovudresultata for svangerskapsomsorga blir samanfatta i følgjande indikatorar og verdiar på ein skala frå 0 til 100, der 100 er best:
- Svangerskapskontroll hos jordmor: 91
- Svangerskapskontroll hos fastlegen: 80
- Informasjon under svangerskapet: 70
- Tidleg ultralyd: 84
- Ordinær ultralyd: 85
Fødselsomsorga
På spørsmål om kvinnene alt i alt var tilfreds med tilbodet under opphaldet på fødeavdelinga svarte 85 prosent av kvinnene eitt av dei to mest positive svaralternativa. Hovudresultata for fødselsomsorga blir samanfatta i følgjande indikatorar og verdiar på ein skala frå 0 til 100, der 100 er best:
- Relasjon til personalet ved fødeavdelinga: 85
- Rammar og organisering ved fødeavdelinga: 80
- Ivaretaking av partnar ved fødeavdelinga: 88
Barselavdelingar
72 prosent av kvinnene svarte eitt av dei to mest positive svaralternativa på spørsmål om barselopphaldet på sjukehuset var tilfredsstillande, medan 18 prosent svarte "Til ei viss grad", og 8 prosent svarte ein av dei to mest negative svarkategoriane. Hovudresultata for barselavdelingar blir samanfatta i følgjande indikatorar og verdiar på ein skala frå 0 til 100, der 100 er best:
- Relasjon til personellet ved barselavdelinga: 80
- Rammar og organisering ved barselavdelinga: 68
- Informasjon om helsa til kvinna ved barselavdelinga: 60
- Informasjon om barnet ved barselavdelinga: 64
- Ivaretaking av partnar ved barselavdelinga: 81
Barselomsorga i kommunen
Kvinnene har gode erfaringar med barselomsorga etter at dei har komme heim frå sjukehus. På spørsmål om tilbodet dei har fått alt i alt var tilfredsstillande, svarte 88 prosent eitt av dei to mest positive svaralternativa, og 10 prosent svara at "det "#Til ei viss grad" var tilfredsstillande. Dei to mest negative svarkategoriane vart her berre brukte av 1 og 2 prosent. Hovudresultata for barselomsorga i kommunen blir samanfatta i følgjande indikatorar og verdiar på ein skala frå 0 til 100, der 100 er best:
- Relasjon til personalet ved helsestasjonen: 90
- Rammer og organisering ved helsestasjonen: 87
- Informasjon om kvinna ved helsestasjonen: 62
- Informasjon om barnet ved helsestasjonen: 77
Andre variasjonar
Det er ein tendens til at:
- Kvinner rapporterer noko dårlegare erfaringar for store sjukehus og store kommunar enn mindre einingar
- Kvinner med svangerskap på 28 veker eller kortare har dårlegare erfaringar enn andre
- Kvinner med liggjetid på sjukehus over 14 dagar har dårlegare erfaringar enn andre
- Kvinner som oppgir å ha dårleg fysisk og/eller psykisk helse har dårlegare erfaringar enn andre
- Kvinner som oppgir å vera sjukmeld/ufør eller få arbeidsavklaringspengar oppgir dårlegare erfaringar enn andre kvinner
- Kvinner fødd i Afrika eller Asia er mindre tilfreds enn kvinner fødde i Noreg på 9 av 17 indikatorar
Tilbakemeldingar i kommentarfelta
Spørreskjema inneheldt fire opne kommentarfelt der kvinnene kunne skrive med eigne ord om erfaringane sine på dei ulike områda. Omtrent halvparten av kvinnene (i alt 6491) som svarte på undersøkinga, skreiv inn éin eller fleire kommentarar i fritekstfelta.
Utfordringsområder
Tema som vart tekne opp som utfordingsområde
- Motstridande informasjon i svangerskapsomsorga
- Dårleg informasjon og kommunikasjon under fødsel på fødeavdelinga
- Mangel på informasjon, særleg om helsa til kvinna på barselavdelinga
- Mangel på informasjon og rettleiing om stell og ernæring av det nyfødde barnet på barselavdelinga
- Uklar informasjon om amming og ernæring av barnet på helsestasjonen