I Noreg har vi både private og offentlege verksemder som rekrutterer donorar og som importerer donorsæd og/eller donoregg frå andre land i Norden. Data om donasjon og import er teke med i oversikta fordi det har betydning for behandlingane med donoregg og donorsæd som er omtalt i datasetta over.
Sæddonasjon frå donorar som er rekruttert i Noreg
Offentlege verksemder har rekruttert sæddonorar sidan 2005. Dei første private verksemdene fekk godkjenning for rekruttering av sæddonorar i 2021.
Desse verksemdene rekrutterer sæddonorar
Offentlege: Oslo universitetssykehus og St. Olavs hospital (Helse Fonna HF har godkjenning, men rekrutterer per i dag ikkje sæddonorer)
Private: C-Medical/Livio IVF-klinikken, Klinikk Hausken, Medicus og Volvat Spiren.
Tabellen viser kor mange personar som har donert sæd ved norske verksemder i perioden 2018 til og med 2024. Dei offentlege klinikkane har ein del fleire sæddonorar enn dei private, og dette gjeld for alle åra.
Sæddonorar | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
totalt | 22 | 22 | 57 | 83 | 127 | 150 | 80 |
Talet på aktive sæddonorar ser ut til å vere nær halvert frå 2023 til 2024. Vi veit ikkje kva som er grunnen til dette.
Import av donorsæd
Ein del klinikkar importerer donorsæd frå verksemder i andre nordiske land.
Desse verksemdene har godkjenning for import av sæd
Offentlege: Sykehuset Telemark og Universitetssykehuset Nord-Norge
Private: Aleris Frogner, C-Medical/Livio IVF-klinikken, Klinikk Hausken, Medicus, Volvat Spiren og Vitoklinikken AS (godkjend i 2025).
Tabellen viser kor mange strå* med sæd som er importert ved privat og offentleg verksemder aktuelle år, og viser omfang av import av sæd.
Import av donorsæd, tal på strå* | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Offentleg | 0 | 0 | 42 | 72 | 91 | 87 | 113 |
Privat | 916 | 835 | 1748 | 2285 | 1272 | 1679 | 1402 |
*Forklaring: Sæd blir fryst ned i plaststrå. Eit "strå" er altså ei lagringseinheit med sæd. Kor mange strå som trengs for ei behandling, varierer avhengig av kva slags behandling det er snakk om. IVF-behandling krev mindre materiale enn inseminasjon. Det kan vere fleire strå frå same donor, og same donor kan vere brukt i meir enn ei behandling. Barna har rett til å vite donoren sin identitet, difor kan ein ikkje blande sæd frå fleire donorar i same forsøk.
Vi veit ikkje eksakt kor mange (unike) utanlandske donorar som er brukt kvart år. Tal frå dei ulike verksemdene frå 2024 viser at det er brukt 440 eller fleire donorar frå eit anna nordisk land, men vi veit ikkje om alle desse er unike donorar. Det er ikkje usannsynleg at ein og same donor i nokre tilfelle kan vere registrert brukt av fleire verksemder. Sædbankane passar på at deira donorar ikkje blir brukt i meir enn 6 familiar i Noreg.
Eggdonasjon og import av donoregg
Både private og offentlege verksemder rekrutterer eggdonorar. Nokre private klinikkar importerer også donoregg frå verksemder i andre nordiske land. Verksemdene kunne få godkjenning for å rekruttere donorar og/eller importere donoregg frå april 2021. Dei private klinikkane starta med rekruttering av eggdonorar i 2021 og offentlege starta i 2022.
Tabellen viser kor mange personar som har donert egg i Norge i perioden 2021 til og med 2024. Private verksemder har langt fleire eggdonorar enn dei offentlege.
Eggdonorar | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
|---|---|---|---|---|
Totalt | 23 | 77 | 101 | 71 |
Import av donoregg
I 2024 var det to private verksemder som importerte av donoregg frå andre nordiske land: Medicus og Livio IVF-klinikken (no C-Medical).
Tabellen viser kor mange egg som blei importert aktuelle året. Det er ein samla oversikt over ubefrukta egg som er importert og befrukta i Norge, og importerte befrukta donoregg som er brukt i behandling i Norge, der befruktning (med mannens sæd) skjedde i eit av dei nordiske landa. Det kan være fleire egg frå same donor. Vi har ikkje oversikt over kor mange (unike) utanlandske donorar som er brukt kvart år. Mesteparten av donoregga kjem frå en eggbank i Finland.
År | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
|---|---|---|---|---|
Kor mange donoregg som er importert kvart år* | 28 | 213 | 243 | 275 |