Velkommen som medlem i Helsedirektoratets seniorforeining
Seniorforeininga har som føremål å gje tidlegare tilsette i Helsedirektoratet tilbod om regelmessige arrangement og sosiale samlingar. Døme på aktivitetar er faglege føredrag, kurs, omvisingar, turar og kulturelle opplevingar. Medlemmane deltek på aktivitetar med subsidierte prisar.
Korleis bli medlem?
- Du må ha vore tilsett i Helsedirektoratet
- Du må vere over 62 år og pensjonist eller uføretrygda
- Send e-post om innmelding med namn, adresse og e-post til: seniorforeningen.helsedir@gmail.com
- Betal 200 kroner i årspengar til kontonummer 9855 05 60666. Hugs å skrive kven betalinga er frå i merknadsfeltet.
Kva skjer i 2025?
Styret ønskjer å tilby eit variert program og oversikten under viser planlagde aktivitetar i 2025. Styret tek atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
Dato og stad | Arrangement |
|---|---|
Januar
| Føredrag om samarbeid med EU i helseprogrammet EU4Health og om arbeidet til norske helsestyresmakter på dette området. |
Februar | Grunnleggjande tips og triks i bruk av Excel. |
Mars | Årsmøtet med valg. |
April | Besøk i Dronning Sonjas KunstStall, Slottet. |
Mai | Besøk i Stortinget. |
Juni | Omvisning i Oslo Hospital og Oslo hospitals kirke i Gamlebyen. |
Juli | FERIE |
August | Reise og omvising til Oscarsborg festning. |
September | Korleis utviklar velferdsteknologien seg til nytte for oss? Ved Kristin Mehre, tidlegare avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, nå tilsett i Pensjonistforbundet. |
Oktober 22.10.25 kl. 11.30- 13.30 Helsedirektoratet | Korleis skrive ei framtidsfullmakt? Ved Lisa Larsen, jurist, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. |
November 11.11.25 kl. 11.30-13.00 Helsedirektoratet | Nok helsepersonell i framtida? Korleis løyser kommunane behovet? Ved Ingrid Mydland, programleiar for Kompetanseløft 2025, Helsedirektoratet.
|
Desember 03.12.25 kl. 11.30 – 14.00 Helsedirektoratet | Julelunsj Med «Rikets tilstand» ved helsedirektør/ ledelsen, Helsedirektoratet |
Styret
Leiar: Sigrun Heskestad. Vald for to år
Sekretær: Torill Johnsen. Vald for eitt år
Kasserer: Egil Torodd Andersen. Vald for to år
Styremedlem: Terje Totland. Ikkje på val
Styremedlem: Rolf Johannes Windspoll. Vald for eitt år
Styremedlem: Unni Taiet Selmer. Vald for to år
Varamedlem: Sigurd Røed Dahl. Ikkje på val

Sigurd Røed Dahl er ikkje med på biletet.
Vedtekter
Vedtekter for Helsedirektoratet si seniorforeining
Protokoll
Protokoll frå årsmøtet i mars 2025 (PDF)j