Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Handelshøgskulen BI tilbyr nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta.

Søk på utdanninga

Utdanninga som Handelshøyskolen BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet. Hausten 2021 vil det bli tilbod om ein klasse ved BI Trondheim og tre klassar ved BI Oslo. 

Styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester og tannhelsetenesta i fylkeskommunane er eit prioritert område for regjeringa. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i arbeidet med utfordringane i tenestene.

Målgruppe for utdanninga

Utdanninga rettar seg mot leiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar til dømes leiarar i psykisk helsearbeid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg tannhelseteneste, mellom anna overtannlegar og klinikkleiarar. 

Praktisk informasjon

Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Det er sett saman av 6 samlingar på 3-4 dagar i løpet av eit studieår (haust/vår), inkludert ein utanlandsmodul. Studiet omfattar ei praksisorientert prosjektoppgåve om innovasjon og endring til nytte i eiga verksemd. 

Tema på samlingane er:

  • Samling 1: Leiarskap og tenesteutvikling i helse og omsorg
  • Samling 2: Kompetanseutvikling, meistring og kontinuerlig forbetring
  • Samling 3: Organisering, digitalisering og samarbeid
  • Samling 4: Innovasjon og tenestedesign
  • Samling 5: Forvaltning, pasientsikkerhet og kvalitet
  • Samling 6: Helseøkonomi, styring og forbetring

Studieavgifta er dekt av Helsedirektoratet gjennom oppdraget til BI om å tilby utdanninga. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Du kan søkje om reisetilskot frå KS.

Evaluering av utdanninga

2016: Evaluering av lederutdanningen for primærhelsetjenesten (ramboll.com)

2017: Evaluering av utdanningstilbudet «nasjonal lederutdanning for primærhelsetjenesten» (ramboll.com)

2019: Evaluering av utdanningstilbudet «nasjonal lederutdanning for primærhelsetjenesten»

Kartleggingsrapport

Kartlegging av lederutdanning i primærhelsetjenesten

 

Først publisert: 05.03.2021