Hopp til hovedinnholdet

Kompetanseløft 2020

Kompetanseløft 2020 har som føremål å bidra til ein fagleg sterk kommunal helse- og omsorgsteneste, og å sikre at sektoren har nok og kompetent bemanning.

Under dei seks strategiane nedanfor finn du dei tilhøyrande tiltaka og tilskotsordningane, og får informasjon om korleis kommunen din kan søkja støtte.

Det er i statsbudsjettet for 2019 sett av om lag 1,5 milliardar kroner til over 50 ulike tiltak under Kompetanseløft 2020. Fylkesmennene har forvaltingsansvar for fleire av tilskotsordningane under Kompetanseløft 2020 - fylkesmannen.no

Sjå meir detaljert omtale av handlingsplanen i Kompetanseløft 2020 – Oppgåver og tiltak for budsjettåret 2017 og i Årsrapport 2017 for Kompetanseløft 2020 (PDF). SINTEF saman med NIBR og NIFU har fått i oppdrag å evaluere Kompetanseløft 2020. Evalueringa vil m.a. vurdere om kommunane utviklar seg i tråd med intensjonar i dei vedtekne strategiane.

Strategi 1: Sikre god rekruttering og stabil bemanning av helse- og sosialfagleg personell

  1. Rekrutteringsprosjekt: Menn i helse (mennihelse.no) – tilskot til KS
  2. Rekruttering av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til kommunane (Jobbvinner)
    KS er øyremerka tilskotsmottaker for prosjekt Jobbvinner. Meir om prosjektet. 
  3. Bedre legesituasjon i områder av landet med dårlig legedekning – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane. Fast årleg tildeling til Fylkesmannen i Finnmark og Sogn og Fjordane
  4. Kvalifisering av framandspråklege – tilskot til fylkeskommunane
  5. Rekruttering av psykologar i kommunane - tilskot frå Fylkesmannen til kommunane
  6. Utdanningsstillingar i allmennmedisin – tilskot til kommunane

Strategi 2. Sikre at grunn- og vidareutdanningane har god kvalitet og er tilpassa kva tenestene treng

  1. Gjennomføre eit pilotprosjekt med nasjonal deleksamen (nokut.no) for bl.a. sjukepleiarutdanning (utgreiing, modellforsøk)
  2. Utarbeide eit konkret opplegg for gjennomføring av kollegagrupper i kommunane
  3. Etablering av nye kliniske vidareutdanningar på mastergradnivå retta mot oppgåver i den kommunale helse- og omsorgstenesta – utgreiing
  4. Utvida rettar til å føreskrive legemidlar for utvalde yrkesgrupper – utgreiing
  5. Greie ut om utvalde helsefaglege utdanningar held tilstrekkeleg kvalitet med omsyn til sluttkompetansen til kandidatane
  6. Vurdere om det bør etablerast offentleg spesialistgodkjenning for sjukepleiarar med utvalde masterutdanningar – utgreiing
  7. Vurdere om innhaldet i dagens vidareutdanningar for sjukepleiarar møter behovet i tenestene – utgreiing

Strategi 3. Auke kompetansen hos dei tilsette med mål om styrka forsking, innovasjon og kunnskapsbasert praksis

  1. Stimuleringstiltak for psykologar – tilskot til UiB
  2. Demensomsorgas ABC (aldringoghelse.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetjeneste for aldring og helse
  3. Driftstilskot til institusjonar som driv vidare-, etter- og spesialistutdanningar innan psykisk helsefeltet
  4. Eldreomsorgas ABC (aldringoghelse.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetjeneste for aldring og helse. Meir om ABC-opplæringa til fagbrev. 
  5. Etisk kompetanseheving (ks.no) – tilskot til KS
  6. Gjennomgå fleire av sektorforskriftene og vurdere om det i forskriftene skal fastsetjast konkrete minimumskrav til kompetanse for ulike tenester eller tenesteområde (utgreiing)
  7. Innføre kompetansekrav i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (utgreiing)
  8. Kompetansetiltak til tilsette innan psykiske helse- og rusproblematikk – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot
  9. Kunnskap og informasjon om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt for born og unge – tilskot
  10. Kurspakke for ufaglærte – tilskot til Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse. Introduksjon til helse- og omsorgsarbeid (aldringoghelse.no) og Jeg vil bli helsefagarbeider – med ABC til fagbrev (aldring og helse.no)
  11. Gjennomføring av utdanning i avansert klinisk sjukepleie – lønstilskot til kommunar
  12. Mitt Livs ABC: Kompetansetiltak i tenester til personer med utviklingshemming (mittlivsabc.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse
  13. Styrking av kompetansen om palliasjon – tilskot frå fylkesmennene til kommunane
  14. Helsestasjons- og skolehelsetjenesten blir fra 2018 videreført under annet navn - Styrking og utvikling av helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  15. Tiltak til styrking av kompetansen i legemiddelhandering av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. Inngår i ordninga for kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. Der kan kommunen søkja Fylkesmannen om stønad til innovasjonsprosjekt, mellom anna innan fagområdet legemiddelhandtering. 
  16. Fagskuleutdanning (vidareutdanning) innan helse- og sosialfag – tilskot til fylkeskommunane
  17. Grunn-, vidare- og etterutdanning av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 
  18. Lindrande behandling og omsorg ved livets slutt – tilskot til kommunane
  19. Kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering – tilskot til kommunane, innkjøp av kursarrangør
  20. Tilskot til stiftinga Livsglede for eldre (livsgledeforeldre.no), til opplæring, støtte og vegleiing til å setje i system aktivitetar og gode opplevingar for den enkelte sjukeheimsbebuar
  21. Tilskot til Verdighetssenteret (verdighetssenteret.no), til opplæring av frivillighetskoordinatorar for frivillig arbeid og omsorg ved livets slutt
  22. Auka kompetanse innan mat, kosthald og ernæring i omsorgstenestene – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane, ein del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot
  23. Styrking og spreiing av kunnskap og kompetanse om nevrologiske lidingar – tilskot til brukarorganisasjonar
  24. Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge – oppdrag til høgskular/universitet
  25. Greie ut om krav til at alle allmennlegar i den kommunale helse- og omsorgstenesta skal vere spesialistar eller under spesialisering i allmennmedisin
  26. Velferdsteknologiens ABC (ks.no) – oppdrag til KS for å utvikle opplæringspakke

Strategi 4. Leggje til rette for tenesteutvikling, teamarbeid og innovasjon

  1. Driftsmidlar til Utviklingsssentre for sjukeheimar og heimetenester (utviklingssenter.no) – tilskot til kommunar med driftsansvar for utviklingssenter
  2. Kunnskaps- og kompetansesentre utanfor spesialisthelsetenesta – utgreiing, tilskot, innkjøp
  3. Leggje til rette for teamorganisering av tenester – utgreiing og iverksetjing
  4. Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta
  5. Læringsnettverk for gode pasientforløp – midlar frå HOD til KS. Se Læringsnettverk for gode pasientforløp (KS.no) og læringsnettverk for helsepersonell (FHI.no).
  6. Kompetansetiltak til born med nedsett funksjonsevne og deira familiar – tilskot til kommunane

Strategi 5. Bidra til god praksis, fagleg utvikling, større fagleg breidd og kunnskapsspreiing

  1. Driftsmidlar til Utviklingssentre for sjukeheimar og heimetenester (utviklingssenter.no) – tilskot til kommunar med driftsansvar for utviklingssenter
  2. Kunnskaps- og kompetansesentre utanfor spesialisthelsetenesta – utviklingsarbeid, tilskot, innkjøp
  3. Læringsnettverk for gode pasientforløp – midlar frå HOD til KS. Se Læringsnettverk for gode pasientforløp (KS.no) og læringsnettverk for helsepersonell (FHI.no).
  4. Grunn-, vidare- og etterutdanning av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane, ein del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 
  5. Kompetanseheving i tenestene til personar med utviklingshemming – tilskot til kommunane
  6. Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge – oppdrag til høgskular/universitet
  7. Greie ut endring av lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m., slik at kommunane a) får ei vegleiingsplikt overfor spesialisthelsetenesta som speglar spesialisthelsetenesta si vegleiingsplikt over kommunen og b) ei plikt til kompetansedeling inne i dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  8. Utvikle arenaer for kompetanseoverføringar mellom spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta innafor utvalde tema – utgreiing og iverksetjing
  9. Opplæringsprogram i musikkbasert miljøbehandling for tilsette i helse- og omsorgstenesta (musikkbasertmiljobehandling.no) – opplæringsprogram frå Nord Universitet
  10. Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg (kulturoghelse.no) – tilskot

Strategi 6. Bidra til betre leiarskap gjennom målretta satsing på auka kompetanse for leiarar

  1. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta – Handelshøyskolen BI (bi.no)
  2. Kommunal deltaking i toppleiarprogrammet – utgreiing og iverksetjing
  3. Utarbeide vegleiar for kommunen si oppfølging av private aktørar med driftsavtale – utgreiing

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Vidareutdanninga som BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet. Søknadsfristen er 15. april 2019. 

Utdanninga rettar seg primært til einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar leiarar i psykisk helsear­beid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak. Det er ønskeleg at leiarar frå  same kommune og ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

Frå hausten 2019 blir det gitt tilbod om opptak til fire nye klassar med til saman 216 nye studentar. Ein klasse vil vere lokalisert i Bergen, medan dei tre andre klassane er i Oslo. Vedlagt er brosjyre til utdanninga. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla masterstudium. 

Tema på samlingane er:

  • Samling 1: Ledelse og samhandling i kunnskapsorganisasjonar
  • Samling 2: Strategisk forvaltning og utvikling av kompetanse
  • Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstjenesten
  • Samling 4: Ledelse av innovasjon og endring
  • Samling 5: Ledelse og økonomi: styring i offentlig forvaltning
  • Samling 6: Jus, internkontroll og etikk

Studieavgifta blir dekt av Helsedirektoratet. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om reise- og opphaldstilskot frå KS. 

Evaluering av utdanninga

Evaluering av utdanninga (ramboll.no) viser at deltakerne er svært godt nøgde med utdanninga og at fleire har teke i bruk kunnskap og metoder i eigen arbeidsdag.

Aktuelle tilskotsordningar

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskudd skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrotts- og utviklingsarbeid ut frå lokale vilkår og behov. 

Lønnstilskudd for utdanning i avansert klinisk sykepleie – lønstilskot til kommunar
Kommunar og private tilbydarar av kommunale helse- og omsorgstenester kan søkje tilskot til å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på masternivå.

Avansert klinisk allmensjukepleie

Hausten 2018 arbeidde Helsedirektoratet ut eit utkast til nasjonal studieplan for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie. Arbeidet er gjort i lag med universitet og høgskular, Universitets- og høgskolerådet, KS, kommunar og Norsk Sykepleierforbund.  Dette utkastet er våren 2019 lagt til grunn ved arbeidet med eit framlegg til forskrift om nasjonal retningsline for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie som Kunnskapsdepartementet sende på høyring 1. april 2019. 

Høyringa finn de på regjeringas nettstad.

Utviklinga av denne masterutdanninga har kome etter initiativ frå  Helse- og omsorgsdepartementet og er retta mot behova i kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidet med framlegg til forskrift er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet og RETHOS-sekretariatet. Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie trer i kraft 1. januar 2020. Helse- og omsorgsdepartementet vil innføre offentleg spesialistgodkjenning av sjukepleiarar med masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie.

Rapport IS- 2822 Masterutdanning i avansert klinisk allmennsykepleie. Bakgrunnsdokument for Helsedirektoratets arbeid med masterutdanningen gir meir utdjupande informasjon om helsestyresmaktene sitt siktemål med utdanninga og gir innspel til innhald og organisering av masterutdanninga i avansert klinisk allmennsjukepleie. Spørsmål knytt til rapporten kan sendast til [email protected]

Rapportar

Årsrapport 2017: Kompetanse og personell i kommunale helse- og omsorgstenester (PDF)

Frå 2010 til 2017 har det vore 14 prosent auke i talet på årsverk i kommunale helse- og omsorgstenester. I reelle tall er dette over 19 000 årsverk. Vi har fått fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, legar og andre viktige yrkesgrupper i kommunane, og helsepersonellet har stadig høgare kompetanse.

Samstundes er det stor etterspurnad og behov for personell, særleg sjukepleiarar. Ein aukande del av brukarar i heimebaserte omsorgstenester har behov for helsehjelp, mens færre enn før får bare tildelt praktisk hjelp frå kommunale tenester. Det kan tyde  på at det er behov for fleire tilsette med høgare helse- og sosialfagleg kompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene framover.

Årsrapport 2016 (PDF)

Kompetanseplanlegging til nytte i kommunal planlegging - rapport frå Rambøll 2018 (PDF). Rapporten skildrar korleis eit utval av kommunar arbeider for å sikre nok personell med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta nå og framover.

For meir statistikk for helse- og omsorgstenesta i kommunane, sjå
Samdata kommunene.

Først publisert: 02.05.2019

Skriv ut/Lag PDF er midlertidig deaktivert