Somatikk
Omlag 2,08 millionar pasientar vart behandla ved somatiske sjukehus i løpet av 2022. Dette er ein auke på 2,6 prosent frå 2021. Både antal døgnopphold, antal dagbehandlingar og antal polikliniske konsultasjonar auka.
Aktivitet i somatisk spesialisthelseteneste 2022 (pdf)
Psykisk helsevern og rusbehandling (TSB)
Nesten 168 000 personar fekk helsehjelp i psykisk helsevern for vaksne i 2022. Det gir ein auke på 3 prosent frå same periode året før. Det er auka døgnaktivitet, og ein reduksjon i antal polikliniske konsultasjonar. 33 500 personar tok i mot helsehjelp i TSB i 2022 som er ein auke på 2 prosent frå året før. Også for dette tenesteområde er det auka døgnaktivitet i 2022, medan vi ser nedgang i antal polikliniske kontaktar.
68 000 pasientar fekk helsehjelp i psykisk helsevern for born og unge i 2022, dette er ein auke på 5 prosent frå 2021. Det er reduksjon i dei polikliniske kontaktane samanlikna med same periode året før.
- Aktivitet i psykisk helsevern for vaksne og rusbehandling (TSB) 2022 (pdf)
- Aktivitet i psykisk helsevern for born og unge 2022 (pdf)
Avtalespesialistar utfører meir enn 20 prosent av aktiviteten i poliklinikk i spesialisthelsetenesta
I somatikk utgjorde avtalespesialistane omlag 21 prosent av den totale polikliniske aktiviteten, medan den var 23 prosent innan psykisk helsevern for vaksne . I somatikk behandla avtalespesialistane litt over 1 090 000 pasientar i 2022, som er ein auke på rundt 10 000 pasientar frå 2021. Antal konsultasjonar var på 2 509 260, som er litt mindre enn året før. Innan psykisk helsevern behandla avtalespesialistane litt over 52 500 pasientar som er ein liten auke frå året før. Antal konsultasjonar var på 644 580, som er noko mindre enn i 2021.
Aktivitet avtalespesialistar 2022 (pdf)
Ventetid og fristbrot
Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta auka frå 61 dagar i 2021 til 66 dagar i 2022. Ventetida auka for alle sektorar, med unntak av TSB. For del fristbrot ser vi den same utviklinga, med ein auke innan somatikk og psykisk helsevern og ein nedgang for TSB.
Sektor | Antal dagar ventetid 2021 | Antal dagar ventetid 2022 |
Somatikk | 63 | 68 |
Psykisk helsevern vaksne | 46 | 50 |
Psykisk helsevern born og unge | 50 | 53 |
Rusbehandling (TSB) | 33 | 32 |
Alle sektorar | 61 | 66 |
Tabell 1. Gjennomsnittleg ventetid i antal dagar. Per sektor. Noreg
Sektor | Del fristbrot (prosent) 2021 | Del fristbrot (prosent) 2022 |
Somatikk | 5,1 | 7,3 |
Psykisk helsevern vaksne | 4,1 | 5,4 |
Psykisk helsevern born og unge | 5,1 | 7,0 |
Rusbehandling (TSB) | 3,1 | 2,7 |
Alle sektorar | 5,1 | 7,2 |
Tabell 2. Del fristbrot. Per sektor. Noreg