Stønad til behandling hos kiropraktor vil halde fram

Kiropraktor som tek på ryggen til ein pasient

Stønad held fram. Foto: Mostphostos.

Først publisert: 25.06.2025 Siste faglige endring: 25.06.2025

Refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor skal likevel ikkje bli avvikla. Det har Stortinget avgjort

Regjeringa foreslo i statsbudsjettet for 2025 å avvikle finansiering gjennom folketrygda til kiropraktorane for å frigjere middel til andre satsingar innan helse. 

Då Stortinget behandla regjeringa sitt forslag til lovendring, var det fleirtal mot å oppheve refusjonsordninga i folketrygdloven. Stortinget bad regjeringa komme attende med eit forslag om ein minimumstakst som gir grunnlag for å sikre datagrunnlaget i kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). 

I det reviderte nasjonalbudsjettet for 2025 foreslo difor regjeringa å vidareføre finansieringa gjennom folketrygda for kiropraktorbehandling med eit refusjonsbeløp på 4 kroner per takst. Dette forslaget er no vedteke av Stortinget.  

Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ei endringsforskrift som tek til å gjelde 1. juli 2025: forskrift om endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til behandling hos kiropraktor (lovdata.no). Endringane får verknad frå og med 1. januar 2025. 

Kiropraktorar finn praktisk informasjon om refusjonskrav på helfo.no.

Pasientreiser

Vidareføring av refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor inneber:

  • at kiropraktorar har rett til å rekvirere pasientreiser
  • at pasientar framleis har høve til å få dekt reiseutgifter til og frå behandling hos kiropraktor 

Les meir på pasientreiser.no om reisestøtte til kiropraktorbehandling.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold