Ifølge demenskartet er det over 115.000 personar med demens i Noreg i dag, innan 2050 er det estimert at talet vil vere dobla.
I fjor var det registrert 46 500 heimebuande med demens, og det blir stadig fleire. Av desse var 2007 registrerte med GPS. Det er ein auke frå 334 personar i 2017.
Dette viser tal frå dei nasjonale kvalitetsindikatorane til Helsedirektoratet.
Mange fordelar med GPS
Lokaliseringsteknologi (GPS) kan gi personar med demens auka tryggleik og meistring. Teknologien bidreg også til at fleire kan bu lenger heime.
– Ved å bruke GPS, kan personar med demens bevege seg meir fritt og samtidig vere tryggare på at dei blir funne dersom dei går seg vill. Både kvar enkelt brukar og deira pårørande kan såleis få betre livskvalitet i kvardagen, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp.

Kommunane må planlegge og dimensjonere tilboda og helsetenestene sine for å møte utfordringane med langt fleire innbyggjarar med demenssjukdom i åra som kjem.
– Det er ikkje eit mål i seg sjølv at alle heimebuande personar med demens skal ha GPS, men det er viktig at kommunen vurderer om dette er eit hjelpemiddel kvar enkelt kan ha nytte av, og at dei gir tilbod om det, seier Brandstorp.
Variasjon blant kommunane
I Nasjonal fagleg retningslinje for demens er det ei sterk tilråding om at kommunen bør gi råd om korleis velferdsteknologi kan bidra til betre meistring av eigen livssituasjon, og tilby slike løysingar.
Det er stor variasjon mellom kommunane, og tala viser at andelen var høgast blant dei største kommunane i 2024. Derimot er det dei mindre kommunane som har hatt størst auke i andel dei siste åra.
– Vi har erfart at det er dei største kommunane som har komme best i gang med å ta i bruk slik teknologi, men det er fint å sjå at fleire av dei mindre kommunane no kjem etter.
Støtte til kommunar frå Helseteknologiordningen bidreg til at vi får ei formålstenleg utbreiing av velferdsteknologi generelt og lokaliseringsteknologi spesielt. Det blir spennande å følge utviklinga framover, seier ho.
Kommunar i Trøndelag går i front

Værnes Respons er eit interkommunalt samarbeid med 18 kommunar i Trøndelag som har lang erfaring med å ta i bruk lokaliseringsteknologi.
Einingsleiar Solrunn Hårstad fortel at det er viktig å ha ein heilskapleg tenestemodell der tildelingskontoret i kommunane har denne typen teknologi som ein naturleg del av dei tenestene dei tilbyr.
– Grundig kartlegging i forkant, samtykke og personvern, er element som må på plass før vi tildeler GPS. I tillegg er god informasjon og oppfølging med på å trygge og ufarleggjere. Dessutan er det heilt essensielt at teknologien fungerer og er til å stole på. Teknologien har komme lang, men ei tettare kopling til forbrukarteknologi er ønskeleg frå vår side, seier ho.
Frigjer ressursar
Lokaliseringteknologi er også med på å frigjere personalressursar til andre omsorgsoppgåver. Ei kartlegging frå KS i 2024 (PDF) , viser at auka bruk av denne typen teknologi kan redusere bemanningsbehovet stort. Dei estimerer ein redusert tidsbruk på mellom 72 – 229 årsverk.
Auke i dagaktivitetstilbod
I tillegg til lokaliseringsteknologi publiserer Helsedirektoratet fleire andre indikatorar som gjeld tilbodet til personar med demens, slik som dagaktivitetar.
Statistikken viser at fleire i denne gruppa får dagaktivitetstilbod. Dette gjeld kommunane med flest innbyggjarar, medan kommunane med lågare innbyggjartal i større grad nyttar seg av støttekontakt-tilbod.
Ei mogleg forklaring kan vere at lengre avstandar til tenestetilboda i dei mindre kommunane, i kombinasjon med færre personar med demens, gjer gruppetilbod mindre formålstenleg enn individuelle tilbod.
Meir om tala: Dagaktivitetstilbod til personar med demens - Helsedirektoratet
Meir om kvalitetsindikatorar
Helsedirektoratet publiserer no i juni kvalitetsindikatorar innan kommunale helse- og omsorgstenester. Desse indikatorane seier noko om kvaliteten innan fastlegetenesta, tenester til heimebuande og i sjukeheimar.
Sjå liste over indikatorane som blir publiserte i juni
Les meir om kvalitetsindikatorar