Helsedirektoratet vurderer KI-teneste for helserelaterte spørsmål

Kvinne med mørk dressjakke og hvit skjorte

Cathrine Lofthus. Foto Esten Borgos

Først publisert: 08.09.2025 Siste faglige endring: 14.10.2025

Stadig fleire innbyggarar bruker kunstig intelligens for å få helseråd. No skal Helsedirektoratet vurdere ei offentleg KI-teneste som kan gi trygg og kvalitetssikra rettleiing til innbyggarane.

– Vi ser at innbyggarane endrar vanar raskt. For å tilby helsetenester av høg kvalitet må vi vere der folk er, og våge å utforske korleis ny teknologi kan endre, forbetre eller skape heilt nye måtar å levere helsehjelp på, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.

Helsedirektoratet har no fått ei bestilling frå Helse- og omsorgsdepartementet om å gjere ei innleiande vurdering av ei offentleg KI-teneste for helserelaterte spørsmål, helst som ein del av Helsenorge.

– Kunstig intelligens opnar nye moglegheiter for å møte behova til innbyggarane. Samstundes må vi sikre at teknologien blir brukt trygt og etisk, og i tråd med norsk medisinsk og helsefagleg praksis der vi har kontroll på kvaliteten, held Lofthus fram.

Trygg helsefagleg rettleiing

KI er tilgjengeleg heile døgnet og gir raske svar, men råda kjem ofte frå internasjonale språkmodellar utan norsk medisinsk og helsefagleg forankring. Det kan føre til feilinformasjon og utrygg rettleiing

Helsedirektoratet har allereie arbeidd med KI i fleire år, mellom anna gjennom etablering av ei tverretatleg rettleiingsteneste, seminar og rapportar om kvalitetssikring og tilpassing av store språkmodellar til norske forhold.

– No skal vi bruke tida til å hente inn erfaringar frå andre land, og identifisere juridiske, etiske, medisinske og helsefaglege, samt teknologiske spørsmål som må avklarast vidare. Samstundes må vi erkjenne at KI allereie blir brukt av mange innbyggarar til dette føremålet, og då må vi ta ansvar for å utforske korleis det kan gjerast på ein forsvarleg måte, avsluttar Lofthus.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold