Helsedirektoratet sender på høyring førarkortrettleiaren ved synsfeltutfall 

Hånd som lyser med lommelykt på et øye.

Forslaget til endring i førarkortrettleiaren inneber at grensene for å oppfylle helsekravet blir justerte, og at unntaksregelen kan brukast i fleire tilfelle. Foto: Mostphotos.

Først publisert: 26.06.2026 Siste faglige endring: 26.06.2026

Helsedirektoratet ser behov for å revidere førarkortrettleiaren  ved synsfeltutfall, på bakgrunn av oppdatert kunnskap og erfaringar frå førarar, brukarorganisasjonar og helsepersonell. 

Forslaga som blir sende på høyring, er tek utgangspunkt i innspel frå ei arbeidsgruppe sett saman av augelegar og optikarar. 

Forslaget til endring i førarkortrettleiaren inneber at grensene for å oppfylle helsekravet blir justerte, og at unntaksregelen kan brukast i fleire tilfelle. Til saman fører dette til at fleire personar med synsfeltutfall vil oppfylle helsekrava. I tillegg vil fleire av dei som ikkje oppfyller krava, få moglegheit til å få saka si vurdert individuelt etter unntaksføresegna, som òg skal omfatte ei køyrevurdering. 

Helsedirektoratet foreslår å vidareføre ein modell med ein fast metode for synsfeltundersøking og klare grenser for vurdering av helsekravet. Dette blir rekna som naudsynt for å sikre føreseielege vurderingar og lik handsaming av saker, og moglegheit for etterkontroll. Arbeidsgruppa har drøfta to metodar, European Driving Test (EDT) og Esterman, som blir brukt i dag. Det er òg diskutert å likestille desse. Helsedirektoratet ønskjer innspel på val av metode og om det er aktuelt å likestille desse. 

Sverige og Storbritannia er samanliknbare land som òg har fastsett metode og konkrete grenser for vurdering av helsekrav ved synsfeltutfall. Sverige har i 2025 gått gjennom regelverket sitt og valt Esterman og tilsvarande undersøkingar som standardmetode. Storbritannia bruker òg Esterman som standard. EDT er ikkje teken i bruk som standardmetode i andre land. 

Føremålet med dei foreslåtte endringane er å bidra til balanse mellom omsynet til trafikktryggleik og omsynet til den enkelte sin mobilitet og rettstryggleik. Rettleiaren skal gi klare og praktisk anvendelege rammer for helsepersonell, samstundes som han skal vere i tråd med gjeldande rettslege plikter i EU-direktivet. 

  • Høyringsfristen er 28. september 2026. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold

Til toppen