God utvikling i allmennlegetenesta

Helsepersonell sitter sammen med gammel mann

Først publisert: 26.06.2026 Siste faglige endring: 26.06.2026

Vi har fått fleire fastlegar, og talet på innbyggjarar utan fast lege har gått ned. Samtidig har kostnadsveksten i allmennlegetenesta flata ut. Det viser årsrapporten for allmennlegetenesta.

Dei siste åra er basistilskotet til fastlegane auka, kommunane har fått meir støtte til spesialistutdanning for legar i allmennmedisin, og det er gitt særskilde tilskot til kommunar i distrikta. I løpet av fjoråret auka talet på fastlegar med rundt 200, og talet på innbyggjarar utan fast lege gjekk ned med 45 000.

- Dette tyder på at tiltaka har hatt god effekt, og det er gode nyheiter med tanke på dei utfordringane helsetenesta står overfor i åra framover, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp.

Stabil bruk av allmennlegetenester

Den enkelte innbyggjar brukar fastlegen om lag like mykje som før. Talet på konsultasjonar per innbyggjar er altså stabilt.

Dei fleste konsultasjonane skjer framleis ved at pasienten møter fastlegen på kontoret, medan kring éin av seks konsultasjonar skjer digitalt. Dei fleste digitale konsultasjonane går føre seg ved hjelp av teksttenester eller på telefon, medan berre rundt éin prosent av dei digitale konsultasjonane skjer på video.

Frå april i år er fastlegane pålagde å kunne tilby videokonsultasjonar til pasientane sine, og i fjor starta ei utprøving av ei kommunal nettlegeteneste som i utvalde kommunar aukar tilbodet om videokonsultasjonar med lege utanom fastlegeordninga.

Behov for omstilling

Det er venta at behovet for allmennlegetenester vil auke i åra framover, utan at tilgangen på ressursar aukar like raskt. Difor er det stort behov for omstilling i tenesta, særleg når det gjeld samhandling.

Årsmeldinga viser at tenesta er i god utvikling, men det er samstundes viktig å stille spørsmål ved om omstillinga går raskt nok.

- Vi må ta i bruk nye digitale verktøy for å effektivisere helsetenesta, og helsepersonell må arbeide meir tverrfagleg for å utnytte ressursane endå betre. Fastlegane si breiddekompetanse og unike nærleik til pasientane over tid gjer at det er avgjerande å styrkje deira moglegheit til effektiv samhandling med ei rekkje andre, seier Brandstorp.

Digitalisering og samhandling

Bruken av e-helseløysingar og nasjonale samhandlingstenester aukar blant fastlegar. Det gir betre informasjonsflyt og meir samanhengande pasientforløp.

Mange fastlegar har teke i bruk KI-verktøy, mellom anna for transkripsjon av tale til tekst. Bruk av KI i allmennlegetenesta er venta å gi betydelege gevinstar, så sant det skjer innanfor trygge rammer.

I årsmeldinga seier Helsedirektoratet at det er behov for å auke takta i digitaliseringa. Dette gjeld mellom anna tilrettelegging av digitale innbyggjartenester gjennom Helsenorge, vidareutvikling av journalsystem og digitale samhandlingsløysingar.

Oppgåvedeling og tverrfaglege arbeidsformer

Auka oppgåvedeling og utvikling av tverrfaglege arbeidsformer er viktige verkemiddel for å møte kapasitetsutfordringane og styrkje tilbodet til dei pasientane som har størst behov. Den 1. januar 2026 vart det innført eigne takstar for konsultasjonar delegerte til sjukepleiarar, og fram til mai 2026 er ordninga teken i bruk ved 106 legekontor med deltaking av 546 legar og 252 sjukepleiarar.

Kostnadsvekst flata ut

Dei samla utgiftene til allmennlegetenesta var 18,6 milliardar kroner i 2025. Rundt 87 prosent gjekk til fastlegeordninga. Etter ein periode med markant utgiftsvekst frå 2019 til 2024, har utgiftene flata ut.

Auka del basistilskot

Basisfinansieringa av allmennlegetenester er auka både absolutt og i høve til den aktivitetsbaserte finansieringa. I 2025 utgjorde basisfinansieringa 34,4 prosent av dei samla inntektene til fastlegane. Denne utviklinga er i tråd med politiske mål om å gi fastlegane auka føreseielegheit, betre handlingsrom til å prioritere etter medisinsk behov og betre høve til heilskapleg oppfølging av pasientar med kroniske og samansette tilstandar.

Årsrapport for arbeidet med allmennlegetjenesten 2025.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold

Til toppen