16- og 17-åringar skal ikkje lenger betale eigendel for helsetenester

Først publisert: 29.06.2026 Siste faglige endring: 29.06.2026

Frå 1. august 2026 skal ikkje 16- og 17-åringar betale eigendel for helsetenester som er omfatta av frikortordninga

Reglane som gjeld i dag gir fritak frå eigendeler for barn under 16 år. Frå 1. august 2026 blir aldersfritaket endra til 18 år. Dette betyr at 16- og 17-åringar slepp å betale eigendel når dei går til lege eller nyttar andre tenester under frikortordninga. 

Desse helsetenestene er omfatta av fritaket: 

  • behandling hos fastlege, legevakt og avtalespesialist 
  • behandling hos fysioterapeut med driftsavtale med, eller tilsetting i, kommunen 
  • legemiddel, næringsmiddel og forbruksmateriell på blå resept 
  • pasientreiser 
  • poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta 
  • private laboratorium og røntgeninstitutt som har avtale med regionale helseføretak 
  • private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak 

 

Tenester som ikkje blir påverka:

Tenester som allereie har fritak til 18 år eller høgare blir ikkje påverka av endringa. Dette gjeld mellom anna: 

  • behandling hos psykolog 
  • tannlege og tannpleiar 
  • behandlingsreiser til utlandet 

Innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling gjeld fritak for eigendel ut det kalenderåret pasienten fyller 26 år. 

 

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold

Til toppen