Klage på tvangsmedisineringsvedtak - bruk av advokat og unntak fra vilkåret om «fem døgns undersøkelsestid»

Saksnummer: 23/40094

08. desember 2023

Relevante lover og forskrifter

Sammendrag

Bruk av advokat

Statsforvaltaren skal i utgangspunktet respektere pasienten sitt frie val av advokat, også om dette kan føre til noko forseinking, men pasienten må gjerast merksam på konsekvensane og kan velje ny advokat. Rask saksbehandling er viktig av omsyn til pasienten, men tvangsmedisinering kan gjennomførast utan utsetting dersom det er fare for alvorleg helseskade.

Unntak frå vilkåret om «fem døgns undersøkelsestid»

Hovudregelen er at det må gå minst fem døgn med observasjon før vedtak om tvangsmedisinering. Unntak gjeld dersom pasienten kan ta vesentleg skade av utsetting, eller pasienten er "godt kjent" av institusjonen. Ved nyinnlegging må kravet praktiserast strengt, og tidlegare behandling ved andre institusjonar er som hovudregel ikkje tilstrekkeleg. Ved overføring mellom institusjonar kan unntaket nyttast dersom det er god dokumentasjon og behandlingskontinuitet.

Til toppen