Dette rundskrivet erstattar rundskriv IS-3/2025.
Kva skal registrerast?
Kommunane bes registrere og sende tal på personar som:
- a) har diagnostisert psykisk utviklingshemming, eller
b) har ein diagnostisert sjeldan tilstand/kromosomavvik som medfører psykisk utviklingshemming, eller
c) har skriftleg stadfesting frå lege eller psykolog på at tilstanden til vedkomande oppfyller diagnosekriteria for psykisk utviklingshemming, slik desse kjem fram av diagnosekode F70–F79 i ICD10 eller diagnosekode P85 i IPCP-2. Det er ein føresetnad for slik stadfesting at det ikkje ligg føre tvil om at personen oppfyller kriteria. - og er fylt 16 år pr. 1. januar 2026.
- og per 1. januar 2026 har vedtak om tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6, inkludert BPA etter § 3-8, eller får omsorg av ein person som har vedtak om omsorgsstønad og/eller avlasting etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2 og 3.
Unntak
Kommunen skal ikkje registrere personar som:
- bur i ein av Landsbystiftelsen sine bukollektiv eller landsbyar
- personar som det vert gitt vertskommunetilskot for; sjå vedlegg 1 for oversikt over
.
Oversikt over kommunar som får vertskommunetilskot:
- Askøy
- Sogndal (tidl. Balestrand)
- Brønnøy
- Bærum
- Egersund
- Kinn
- Gran
- Halden
- Hamar
- Holmestrand
- Hå
- Kvam
- Kvæfjord
- Indre Fosen/Leksvik
- Orkland (tidl. Meldal)
- Moss
- Nome
- Nord-Aurdal
- Ringerike
- Ringsaker
- Saltdal
- Sortland
- Stange
- Stjørdal
- Sandefjord/Stokke
- Søndre Land
- Vestnes
- Østre Toten
- Ålesund
- Ås
Nærare om registreringa
Der det er mistanke om at ein person har psykisk utviklingshemming, bør personen bli utgreidd av spesialisthelsetenesta. Dette gjeld særleg personar med lett grad av utviklingshemming, ettersom rett diagnose kan ha store konsekvensar for personen. Dette er ikkje eit krav, men ei tilråding frå Helsedirektoratet.
| Namn | ICD-10 Kode | ICPC-2 Kode | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Psykisk utviklingshemming | P85 | Omtales også som utviklingshemming. Ble omtalt som mental retardasjon eller Oligofreni i ICD-9. | |
| Lett psykisk utviklingshemming | F70 | P85 | ICD-9 kode 317. |
| Moderat psykisk utviklingshemming | F71 | P85 | ICD-9 kode 318.0. |
| Alvorlig psykisk utviklingshemming | F72 | P85 | ICD-9 kode 318.1. |
| Djup psykisk utviklingshemming | F73 | P85 | ICD-9 kode 318.2. |
| Annan psykisk utviklingshemming | F78 | P85 | |
| Uspesifisert psykisk utviklingshemming | F79 | P85 | |
| Downs syndrom | Q90 | A90 | Omtales også som Trisomi 21. Kan i nokre sjeldne tilfelle førekomme utan utviklingshemming. Ble også omtalt som Mongolisme i ICD-9. |
| Rett syndrom | F84.2 | P99 | |
| Angelmans syndrom | Q93.5 | A90 | |
| Cri du Chat syndrom | Q93.4 | A90 | |
| Cornelia de Langes syndrom | Q87.1 | A90 |
| Namn | ICD-10 Kode | ICPC-2 Kode | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Atypisk autisme | F84.1 | P99 | |
| Bannayan-Riley-Ruvalcaba syndrom | Q87.8 | A90 | |
| Bardet-Biedl syndrom | Q87.8 | A90 | |
| Barneautisme | F84.0 | P99 | Omtales også som autistisk forstyrring i barndommen, infantil autisme, Kanners syndrom. |
| Cerebral parese | G80 | N99 | |
| Cohen syndrom | Q87.8 | A90 | Omtales også som Norios syndrom eller Peppers syndrom. |
| DiGeorge syndrom | D82.1 | B99 | Omtales også som Velocardiofacialt syndrom eller 22q11.2 delesjonssyndrom. |
| Edwards syndrom | Q91.3 | A90 | Omtales også som Trisomi 18. |
| Fenylketonuri (PKU) | E70.0 | T99 | Omtales også som Føllings sjukdom. Medfødt tilstand som krev spesialdiett. Ubehandla gir tilstanden utviklingshemming. |
| Fragilt-X syndrom | Q99.2 | A90 | |
| Kleefstras syndrom | Q93.5 | A90 | 9q34.3 delesjonssyndrom. |
| Klinefelter syndrom | Q98.4 | A90 | |
| Lech-Nyhan syndrom | E79.1 | T99 | |
| Mowat-Wilson syndrom | Q43.1 | D81 | |
| Noonan syndrom | Q87.1 | A90 | |
| Pataus syndrom | Q91.7 | A90 | Omtales også som Trisomi 13. |
| Phelan-McDermid syndrom | Q93.5 | A90 | Monosomi 22q13.3. |
| Prader-Willi syndrom | Q87.1 | A90 | |
| Pitt-Hopkins syndrom | Q87.0 | A90 | |
| Rubinstein-Taybi syndrom | Q87.2 | A90 | |
| Smith-Lemi-Opitz syndrom | Q87.1 | A90 | |
| Smith-Magenis syndrom | Q93.8 | A90 | |
| Soto syndrom | Q87.3 | A90 | |
| Williams syndrom | Q93.82 | A90 | |
| Wolf-Hirschhorns syndrom | Q93.3 | A90 | Omtales også som 4p-syndrom. |
| Zellweger syndrom | Q87.8 | A90 |
Det er berre høve til å registrere personar som har gyldig vedtak per 1. januar 2026. Tilbakedaterte vedtak vil ikkje bli godkjende, sjølv om det blir ytt tenester før vedtaket er gyldig.
Kommunen der personen bur og får tenester (heimkommunen), og som per 1. januar 2026 har det økonomiske ansvaret for tenestene til personen, skal registrere personen. Også der heimkommunen kjøper tenester til vedkomande i ein annan kommune eller frå private aktørar, skal heimkommunen registrere personen.
Grensejusteringar
Registreringa skal følgje kommunestrukturen gjeldande frå 1. januar 2027 (same som 2026).
Følgjande grenseendringar skal takast omsyn til:
- Frå Nærøysund kommune til Bindal kommune
- Frå Stranda kommune til Fjord kommune
Dersom ein person oppheld seg og får tenester i to ulike kommunar, og begge kommunane per 1. januar 2026 har fatta vedtak om tenester til personen, skal det liggje føre ein avtale mellom kommunane om kva kommune som registrerer personen.
Elektronisk registrering i Altinn
Registreringa skjer i Altinn. Kommunen (den personen som har fullmakt) fyller ut skjemaet, signerer og sender det inn til Helsedirektoratet gjennom Altinn.
Rapporteringsfrist: 4. mai 2026
Kontroll av registrering
Kommunen har sjølv ansvaret for at registreringa er korrekt. Kommunens revisor skal kontrollere at registreringa er gjort slik det står i rundskrivet, inkludert dokumentasjon for diagnoseregistreringa for nye registrerte personar. Kontrolloppdraget skal utførast i samsvar med ISRS 4400 «Avtalte kontrollhandlingar».
Revisoren skal òg signere elektronisk, knytt til kommunens innrapporterte tal. Det elektroniske skjemaet ved Altinn krev signatur frå både kommunen og revisoren. Det er ikkje nødvendig å fylle ut vedlegg 2 om revisorattestasjon. Signeringsprosessen i Altinn er tilstrekkeleg.
Kommunar som får eit økonomisk tap i inntektssystemet som følgje av feil i registreringa som blir oppdaga etter fristen, kan ikkje rekne med å få dette dekt. Moglegheit for kompensasjon i løpet av budsjettåret vil bli vurdert frå sak til sak av Kommunal- og distriktsdepartementet. Det vil då mellom anna bli vurdert om kommunen sjølv burde ha oppdaga feilen før rammetilskotet blei utrekna.
Kontakt
Merk e-posten med saksnummer 24/14881.