Fleire sjukepleiarar på fastlegekontoret
Nyhet
18. desember 2025
Frå 1. januar får sjukepleiarar ei større rolle på fastlegekontoret. Fastlegane kan delegere oppgåver til sjukepleiarar og utløyse refusjon. Legane kan då få meir tid til oppgåver som krev legekompetanse, og pasientane kan få hjelp i tråd med sjukepleiarane si særskilde kompetanse. Det medisinske ansvaret vil framleis liggje hos fastlegen.