Sjukepleiarane kan mellom anna gjennomføre konsultasjonar, sjukebesøk og delta i samarbeidsmøte. Delegering frå den enkelte fastlegen er personleg, og fastlegen kan berre delegere oppgåver som gjeld pasientar som legen har oppfølging av. Gjennomføringa av oppgåvene skal vere fagleg forsvarleg utført.
Sjukepleiarar har kompetanse til å gjere mange oppgåver som fastlegar i stor grad gjer i dag, til dømes oppfølgingssamtalar og samarbeidsmøte.
Videreutvikling av fastlegeordninga
– At sjukepleiarane no kan få delegert oppgåver som kan gi refusjonar, gjer at fastlegekontora får betre moglegheit for å tilpasse helsehjelpa etter pasientane sine ulike behov. Sjukepleiarane kan avlaste fastlegane og bidra til betre tid og god helsehjelp til den enkelte pasient. Vi treng å vidareutvikle fastlegeordninga slik at ho også i framtida er det navet i helsetenestene som sikrar god hjelp nær der folk lever liva sine, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.
Kommunar, fastlegar og sjukepleiarar finn meir informasjon på helfo.no om korleis dei skal gå fram for å kome i gang med den nye ordninga.