Utvikling i praksis som følgje av endringar i regelverk
Etter 1. januar 2005 har det vore krav om at donorar som blir brukt i Norge skal kunne identifiserast, det vil seie at dei ikkje kan donere anonymt. Det er fordi barn som er fødde etter bruk av ein donor skal kunne få vite donoren sin identitet. Donorane skal ikkje vere kjende for mottakar. Det er dei som er fødde etter behandling med sæd frå ein donor (og frå 2021 gjeld det også behandling med donoregg) som avgjer om dei vil ha informasjon om donoren sin identitet.
Etter lovendringa i 2005 starta Haugesund sjukehus og Rikshospitalet rekruttering av sæddonorar. I perioden 2005 til og med 2009 blei det berre utført behandling med donorsæd ved offentlege klinikkar. Dei første private klinikkane starta behandling med donorsæd frå ikkje-anonyme donorar i 2010, og dei brukte sæd frå sædbankar i Danmark. Private klinikkar starta med rekruttering av sæddonorar i 2021.
Eggdonasjon blei lov etter ei lovendring som blei vedteken i 2020. Samtidig blei det opna for å tilby assistert befruktning til einslege kvinner. Etter dette har fleire private klinikkar starta rekruttering av egg- og/eller sæddonorar (det er meir informasjon om dette tidleg i artikkelen, under Offentlege og private klinikkar).
Barn fødde etter behandling med donor
Behandlingar med donorsæd som blei utført i 2007 førte til at det blei fødd 49 barn. Alle behandlingane var utført ved ein offentleg klinikk.
I 2010 var det til saman 129 barn som blei til ved hjelp av donorsæd. Av desse blei 52 barn til etter behandling med donorsæd ved private klinikkar. Dette var det første året private klinikkar hadde tilbod om slik behandling. Behandlingar med donorsæd ved offentlege klinikkar utført same året ga opphav til 77 barn.
To år etter, i 2012, ga behandling med donorsæd opphav til i alt 166 barn. Det var omtrent like mange som blei til etter behandling ved ein privat klinikk som etter behandling ved offentleg klinikk. Etter 2012 er det store fleirtalet av barn født etter behandling med donorsæd blitt til ved ein privat klinikk.
Bruk av donoregg blei tillate etter lovendring som tredde i kraft 1. januar 2021. Fleirtalet av barn fødde ved hjelp av donoregg er blitt til ved ein privat klinikk.
I perioden 2007 til og med 2023 er det fødd til saman 4992 barn etter behandling med donorsæd eller donoregg, dei fleste (95,7 prosent) blei til etter behandling med donorsæd.
Til saman 1 487 barn blei til ved hjelp av behandling med donorsæd ved ein offentleg klinikk. Eit fleirtal av dei har ein donor som er rekruttert i Noreg. I same periode er 3 288 barn blitt til ved hjelp av donorsæd gjennom behandling ved ein privat klinikk. Fram til 2021 brukte desse klinikkane berre sæd frå sædbankar i Danmark.
Tilbod om behandling med eggdonasjon starta i 2021. Dei første åra var det berre tilbod om eggdonasjon ved private klinikkar. Eit fleirtal av barn fødde etter eggdonasjon er blitt til ved ein privat klinikk. Behandling med eggdonasjon i 2021 til og med 2023 har gitt opphav til 217 barn, og av dei har 199 blitt til ved ein privat klinikk. Offentlege klinikkar bruker berre egg frå donorar dei sjølv har rekruttert. Ein del av dei private klinikkane importere egg, og nokon bruker både importerte donoregg og egg frå eigenrekrutterte donorar.
Figuren illustrerer utviklinga og viser data frå behandlingar utført åra 2007 til og med 2023.
Figuren vise kor mange barn som er fødde etter behandling med donorsæd eller donoregg i perioden, fordelt på offentlege og private klinikkar. Talet på barn (y-aksen) er registrert på det året behandlinga blei utført. Barna kan vere fødde det same året eller året etter.
Den lyse grøne kurva øvst viser samanlagte tal for det aktuelle året (donoregg og donorsæd). Den mørke grøne kurva viser talet på barn født etter behandling med donorsæd ved offentlege klinikkar og den lilla viser talet for private klinikkar. Den gule kurva nedst viser talet på barn født etter behandling med eggdonasjon privat og den turkise viser talet for offentlege klinikkar.
Behandlingsmetode når det blir brukt donor
I perioden 2007 til og med 2013 var behandlingsmetoden med donorsæd inseminasjon eller IVF/ICSI. I 2014 blei det for første gang rapportert om fødslar etter innsetting av embryo som har vore fryst ned (tint embryo/donor-FET).
Figuren viser at talet på fødslar etter innsetting av tint embryo (donor-FET) har auka kraftig i perioden. Forbetring i fryseteknologien har vore avgjerande for å oppnå ein reduksjon i førekomst av tvillingar. I 2023 var dette den metoden som oftast blei brukt ved behandling med donorsæd og resulterte i 214 fødslar. Då har vi ikkje telt med bruk av donoregg, kor ein oftast brukar tint embryo. Dei befrukta donoregga blir som regel fryst ned etter dyrking og tina opp før innsetting i livmora hos kvinna i mottakarparet på egna tidspunkt. Tal på embryo som blir skapt ved behandlingar med donoregg og donorsæd bør tilpassast mottakar kvinna/paret, slik at ein unngår akkumulering av embryo som ikkje blir brukt.
Toppen for fødslar etter inseminasjon (IUI) med donorsæd ser vi i 2021. Det kan ha ein samanheng med at det dette året var mange einslege kvinner som fekk behandling.
Figuren viser fødslar per metode, og utvikling i bruk av metodar over tid. Tal på fødslar (y-aksen) er registrert på det året behandlinga blei utført. Fødselen kan ha skjedd same året eller året etter. Den lilla kurva med diamantmarkør viser fødslar etter behandling med inseminasjon. Den mørkegrøne kurva med runde markørar viser fødslar etter IVF eller ICSI. Den turkise kurva med firkantmarkørar viser fødslar etter donor-FET. Den gule kurva nedst (trekantmarkørar) viser fødslar etter behandling med eggdonasjon.