I løpet av 2025 blei nær 112 000 pasientar melde utskrivingsklare frå somatiske sjukehus. Det er det høgaste nivået sidan 2019, også når vi tek omsyn til folkeveksten. Dette viser ferske tal frå Helsedirektoratet.
Når ein pasient er ferdig behandla på sjukehus, reiser dei fleste heim utan behov for vidare oppfølging. Dei som treng kommunale tenester etter utskriving, blir registrerte som utskrivingsklare pasientar. Dersom kommunen ikkje med ein gong kan tilby nødvendig helsehjelp, som ein plass, oppstår såkalla overliggedøgn – dagar der pasienten blir liggjande på sjukehus etter at behandlinga er avslutta.
– Utviklinga tyder på at fleire pasientar blir vurderte som klare for utskriving, og at kommunane klarer å ta imot dei raskare. Det er positivt at talet på overliggedøgn er det lågaste på tre år, seier Marius Kurås Skram, fungerande divisjonsdirektør for spesialisthelsetenester og internasjonalt samarbeid.
Tala viser òg at gjennomsnittleg opphald i somatiske sjukehus var 11 døgn i 2025. Opphald før pasientane blei melde utskrivingsklare er redusert med 0,9 døgn sidan 2019, noko som kan tyde på meir effektiv pasientflyt og raskare behandlingsforløp.
Positiv utvikling i Telemark
Nedgangen i overliggedøgn nasjonalt er særleg knytt til utviklinga i region Sør‑Aust. Her peikar Telemarkskommunen Skien seg positivt ut. I Telemark‑området som heilskap gjekk talet på overliggedøgn ned frå 31,4 til 22,9 per 1 000 innbyggjarar frå 2023 til 2025. Skien kommune hadde ein endå sterkare nedgang: Her fall talet frå 71,9 til 48,5 per 1 000 innbyggjarar i same periode.
Helsefellesskapet i Telemark arbeider med samhandling mellom kommunar og Sykehuset Telemark, der dei planlegg og utviklar helsetenestene i fylket på prioriterte område. Ole Martin Stamland er spesialrådgjevar for samhandling ved Sykehuset Telemark:
– Vi må jobbe både kvar for oss og i fellesskap for å lukkast med overliggjeutfordringar. Ein avgjerande faktor har vore å etablere ei felles forståing av utfordringsbildet og måla, seier Stamland.
Det er enkelte geografiske forskjellar i overliggjedøgn, og forskjellane har auka i perioden 2019–2025. I opptaksområdet til UNN, som hadde høgaste rate i heile perioden, var det 53,5 overliggjedøgn per 1 000 innbyggjarar
Mange årsaker til reinnleggingar
Ei reinnlegging er definert som ei innlegging for øyeblikkeleg hjelp innan 30 dagar etter førre utskriving frå sjukehus. 21,6 prosent av alle som var utskrivingsklare blei reinnlagde i 2025. Pasientar som ikkje blei liggjande på sjukehus i påvente av eit kommunalt tilbod, blei noko oftare reinnlagde enn pasientar som hadde overliggjedøgn.
Helen Brandstorp, divisjonsdirektør for kommunale tenester og beredskap, seier: – Ei reinnlegging seier ikkje nødvendigvis noko om kvaliteten på oppfølginga pasienten har fått i kommunen eller på sjukehus. Mange forhold kan påverke om ein pasient blir innlagd på nytt. For enkelte pasientar kan det òg vere ein fordel å unngå mange overgangar mellom ulike tenester og behandlingsstader. Færre flyttingar kan bidra til auka tryggleik og betre samanheng i behandlinga, seier Brandstorp.
Om statistikken
Statistikken er basert på data frå Norsk pasientregister og omfattar utskrivingsklare pasientar i somatisk spesialisthelseteneste.
Det finst oppdaterte data for heile landet og statistikk om UKP på nettsidene våre:
- Opptaksområde HF: Utskrivningsklare pasienter (somatikk), bostedsområder helseforetak (Egen fane for reinnleggelser)
- Kommunar: Utskrivningsklare pasienter (somatikk), bostedskommune
- Utskrivningsklare pasienter, døgnpriser