Styrking og utvikling av helsestasjons- og skolehelsetjenesten
I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått at tilskotsordninga til styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta leggast inn i ei felles, tverrsektoriell tilskotsordning for førebyggande tiltak for barn og unge. Det er difor berre mogleg å søke om overføring av ubrukt tilskot i denne utlysinga.
Hvem kan søke tilskudd?
- Kommuner
Søk om tilskudd
Merk: Det jobbast no på tvers av direktorata med å lage eit felles regelverk for den nye ordninga. Målet er å gi barn og unge gode oppvekstvilkår og førebygge utanforskap, ved å støtte kommunanes heilheitlege og førebyggande arbeid retta mot barn og unge på tvers av sektorar og tenesteområder. Det leggast opp til at kommunen sjølve skal bestemme kva tiltak de finn best egna for barn, unge og deira familiar i sin kommune. Midlar frå den nye ordninga skal kunne nyttast til tiltak innanfor lovpålagte tenester, dette inkluderer årsverk og andre tiltak i helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnehage, skole, Nav og barnevern m.m.
Stortinget vedtar budsjettet i desember. Sidan det er foreslått endringar i både innretning og kven som skal dele ut tilskotet, vil det ikkje vere mogleg å lyse ut tilskotsordninga før på nyåret. Denne sida oppdaterast med nærare informasjon når dette er klart.
Kommunar som har ubrukt tilskot frå 2025 kan søke desse overført. Det vil komme nærare informasjon om korleis dette gjerast i melding i tilskotsportalen.
Søknad om overføring av tilskot må gjerast via tilskotsportalen via lenka under:
Rapporter på tilskudd
Du vil motta en oppgave i Helsedirektoratets tilskuddsportal når rapporteringsskjema har blitt gjort tilgjengelig.
Vi anbefaler at du leser veiledning til rapportering om bruken av tilskudd før du fyller inn rapporteringsskjemaet.
Hvem har fått tilskudd?
Fullstendig oversikt over alle mottakere av tilskudd på denne ordningen.