Endre språk? Standardvilkår for tilskudd (bokmål)
Generelle vilkår
Tilskotsmiddel frå Helsedirektoratet skal bli brukt i tråd med gjeldande lover og reglar, og etter dei føresetnadene som er gjeve i regelverket for tilskotsordninga og i tilskotsbrevet.
Dette inneber òg krav til at det blir utøvd god forvaltningsskikk, habilitet og etisk framferd i gjennomføringa av tilskotsaktiviteten. Tilskotsmiddel skal primært nyttast til aktivitetar som er lokaliserte og går føre seg i Noreg.
Innvilga tilskotsmiddel kan ikkje disponerast om til andre føremål utan skriftleg godkjenning frå Helsedirektoratet. Tilskotet kan falle heilt eller delvis bort dersom mottakaren av tilskotet endrar planane og/eller føresetnadene som ligg til grunn for tilskotet. Dersom aktiviteten krev mindre middel enn føresett, kan Helsedirektoratet redusere tilskotet høvesvis.
Det er ikkje høve for mottakarane av tilskot å nytte offentlege middel til å finansiere den same aktiviteten som allereie er fullfinansiert av offentlege tilskotsmiddel.
Nulltoleranse for misleghald av tilskot
Helsedirektoratet har nulltoleranse for misleghald av tilskot. Dette gjeld òg for tilskot der tilskotsforvaltninga er delegert til andre aktørar, til dømes Statsforvaltaren.
Helsedirektoratet er pliktig til å gjere tiltak når det kjem fram informasjon om mogleg misleghald av tilskotsmiddel. Direktoratet kan stanse utbetaling av tilskot ved mistanke om at mottakaren gir uriktige opplysningar eller at mottakar ikkje nyttar tilskotet i samsvar med dei fastsette vilkåra. Vidare kan Helsedirektoratet krevje tilskotet betalt tilbake dersom det er dokumentert misleghald, medrekna at mottakaren ikkje fyller krava som blir stilte i regelverket, eller at det er gitt uriktig opplysningar.
Direktoratet har òg høve til å nekte tilskotsmottakaren å få tilskot i eitt eller fleire følgjande år dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med fastsette vilkår. Misleghald av tilskotsmiddel kan få rettslege konsekvensar.
Praktisering av nulltoleranse for økonomisk misleghald skal bli sett i samanheng med gjeldande regelverk for bruk av løyvde middel og etiske retningsliner for statstenesta.
Lønnsmiddel og reisekostnadar
Lønnsmiddel som i hovudsak blir finansierte av tilskot, bør ikkje overstige det som er rimeleg i høve til statlege lønningar. Reisekostnadar må ikkje vere høgare enn satsane i reiseregulativet til staten. Sjå personalhandboka til staten (lovdata.no).
Utstyr og investeringar
Tilskotet skal ikkje dekke utstyr eller investeringar av varig karakter, dersom ikkje noko anna kjem fram i tilskotsregelverket eller tilskotsbrevet. Tilskotet kan likevel dekke naudsynte driftskostnadar eller del av driftskostnader der dette er i samsvar med vedtaket.
I tilfelle der utstyr og investeringar blir dekte, blir dette rekna som eigedommen til staten. Ved sal kan difor Helsedirektoratet krevje at tilskotsmottakaren betaler tilbake restverdien.
Offentlege innkjøp
Verksemder som gjer innkjøp med tilskotsmiddel frå Helsedirektoratet må etterleve lov om offentlege innkjøp og forskrift om offentlege innkjøp. Statlege, fylkeskommunale og kommunale organ er omfatta av dette.
Andre mottakarar av tilskot er omfatta av reglane når dei kan reknast som offentlegrettslege organ. Sjå forskrift om offentlige anskaffelser § 1-2 (lovdata.no).
Etterleving av regelverk om offentleg støtte
Regelverket om offentleg støtte, som oftast kalla statsstøtteregelverket, er ein del av den klassiske EU-retten, og Noreg er bunde av dette regelverket gjennom EØS-avtalen.
Den som mottek tilskot er sjølv ansvarleg for å sikre at tilskotet ikkje direkte eller indirekte blir nytta til økonomisk aktivitet som kan vri konkurransen eller bygge opp eigenkapital. Tenesta blir sett på som ein økonomisk aktivitet der det offentlege deltek i ein marknad og tilbyd varer og tenester i konkurranse med private og andre offentlege aktørar.
Tilskotsmottakarar som driv økonomisk aktivitet, må gjere tiltak for å unngå ulovleg kryssubsidiering. Tiltaka som tilskotsmottakaren set i verk skal difor sikre at aktiviteten som er finansiert av tilskot blir halden skilt frå den konkurranseutsette aktiviteten. Dette kan sikrast gjennom skilde rekneskapar og fordelingsnøklar for fordeling av indirekte kostnader mellom aktivitetane.
Sjå mellom anna EØS-avtalens artikkel 61 til EØS-avtalen (lovdata.no) og konkurranselova § 11 c.
Rapportering
Mottakarar av tilskot er forplikta til å rapportere til Helsedirektoratet om korleis midla er brukt i samsvar med krava i tilskotsbrevet. Vidare skal tilskotsmottakar rapportere om korleis mål er oppnådd og rapportere økonomi eller rekneskap på ein måte som gjer at Helsedirektoratet kan kontrollere at pengane er brukte til føremålet i tilskotsregelverket, tilskotssøknaden og tilskotsbrevet. Transaksjonar mellom nærståande skal det bli gjort spesielt greie for.
Tilskotet frå Helsedirektoratet skal bli nytta til å dekke det reelle finansieringsbehovet for å gjennomføre aktiviteten. Rekneskapen skal inkludere alle inntekter som er relaterte til aktiviteten som er finansiert av tilskotet. Inntekter kan vere refusjonar av sjukeløn, deltakaravgifter, kiosksal, sponsormiddel m.m. Det blir føresett at eventuelle prisar på varer og tenester blir avgrensa til eit nivå som gjer at tilleggsinntektene ikkje blir å sjå på som økonomisk aktivitet.
Momskompensasjon til frivillige organisasjonar
Eventuelle tilskot frå momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar skal haldast utanom rekneskapen som blir rapportert for aktiviteten. Alternativt skal momskompensasjonen merkast tydeleg, slik at eit eventuelt overskot som kjem frå momskompensasjon, ikkje blir trekt frå framtidige tilskot eller blir kravd betalt tilbake.
Tilskot som ikkje blir nytta
1. Overføring av tilskotsmiddel til neste år
Dersom det står att ubrukte tilskotsmiddel på slutten av året, og aktiviteten ikkje er fullført, kan tilskotsmottakaren søke om å få overført tilskotet vidare til neste år. Dette gjeld berre eitt år. Dersom mottakaren berre skal søke om overføring av dei ubrukte midla, krevst ein kortfatta søknad pr. e-post. Sakshandsamaren vurderer behov for ytterlegare opplysningar før søknaden om overføring kan bli handsama.
Dersom mottakaren av tilskot i tillegg til å søke om overføring av dei ubrukte midla, ønsker å søke om ytterlegare middel det følgande året, skal dei ubrukte midla vere med i den nye søknaden i samsvar med årleg søknadsprosedyre. Søknadsbeløpet må innehalde informasjon om både ubrukt tilskot og nytt tilskot.
2. Tilbakebetaling
Tilskotsmiddel som ikkje er nytta skal opplysast i rapporteringa frå tilskotsmottakaren. Unytta tilskotsmiddel ein ikkje søker om å overføre til neste år må tilskotsmottakaren betale tilbake til Helsedirektoratet. Har mottakaren fått tilskot frå fleire enn Helsedirektoratet til same aktivitet, vil delen av dei ubrukte midla som svarar til Helsedirektoratet sin del av det samla tilskotet, bli kravde tilbake.
Helsedirektoratet vil sende ein faktura på beløpet som skal bli betalt tilbake etter at rapporteringa er handsama.
Dokumentinnsyn
Mottakarar av tilskot har rett på innsyn i dokumenta i saka, jf. forvaltningslova §§ 18 og 19 (lovdata.no).
Tilsyn eller kontrollar
Rapportar eller resultat frå relevante offentlege tilsyn eller kontrollar skal bli sendt til Helsedirektoratet fortløpande.
Kontroll av tilskotsmottakarar
Helsedirektoratet kan kontrollere at tilskotet blir brukt etter føresetnadene i regelverket og tilskotsbrevet. Opplysningar som ligg til grunn for at tilskotet er innvilga og den etterfølgande rapporteringa, skal vere riktige. Sjå reglementet for løyve (bevilgningsreglementet) § 10, 2. ledd.
Helsedirektoratet kan setje i verk naudsynte og formålstenlege kontrollar. Direktoratet kan òg gje ei anna verksemd fullmakt til å gjere kontrollar. Vidare har Riksrevisjonen tilgang til å kontrollere om tilskot blir brukt etter føresetnadene, jf. lov om Riksrevisjonen § 12 (lovdata.no)
Tilskotsmottakarar skal legge fram opplysningar ved førespurnad og på andre måtar bidra til å gjere kontrollarbeidet mogleg og lettare.
Oppbevaring av dokumentasjon
Helsedirektoratet krev at rekneskapsdata og dokumentasjon av opplysningar som ligg til grunn for søknaden eller rapporteringa, skal takast vare på for kontroll i minimum 10 år etter tilskotet blei teke imot. Sjå lov om nasjonale saksbehandlingsregler i saker om offentlig støtte (støtteprosessloven) § 8 (lovdata.no).
Gje melding om endringar
Tilskotsmottakaren må varsle Helsedirektoratet dersom adresse, bankkontonummer, organisasjonsnummer eller tilsvarande er endra.