Av dei som i 2025 rapporterte å røyke dagleg, rapporterte 75,4 % at dei hadde forsøkt å slutte minst éin gong, og 33,7 % av dei som hadde forsøkt å slutte, hadde forsøkt i løpet av dei siste 12 månadene, men utan å lykkast.
Blant dei som tidlegare hadde røykt dagleg (og som slutta å røyke dagleg for mindre enn 10 år sida), var den mest brukte sluttemetoden å bruke snus. Det var over 40 % som rapporterte at dei brukte snus som hjelpemiddel då dei slutta. Det var óg mange som nytta vape som hjelpemiddel, om lag 20 %. Snus og vape som hjelpemiddel ved røykeslutt var om lag like vanleg blant kvinner og menn.
Mange av dei som hadde slutta å røyke nytta óg andre sluttemetodar enn snus og vape, til dømes nikotinplaster eller nikotintyggegummi, sjå figur nedanfor.
Blant dei som hadde forsøkt å slutte å røyke dagleg, men utan å lykkast, var bruk av snus og nikotinlegemiddel den vanlegaste sluttemetoden ved siste røykesluttforsøk for menn og nikotinlegemiddel for kvinner. Ein høg andel av mennene hadde òg brukt vape som sluttemetode, sjå figuren nedanfor.
Det er viktig å merke seg at ein svært høg andel, både blant dei som lykkast og dei som ikkje lykkast i å slutte å røyke, ikkje brukte nokon av metodane det blei spurt etter. Det er derfor uklart om denne gruppa brukte ein annan metode, eller slutta / prøvde å slutte utan bruk av hjelpemiddel.
Bruk av ulike sluttemetoder for vellykka røykeslutt (daglegrøyking), varierte med alder. Blant dei under 45 år var snus som sluttemetode langt meir vanleg enn blant dei på 45 år og eldre.
Når det gjaldt slutteforsøk som ikkje lykkast, var vape som sluttemetode meir vanleg blant dei under 45 år enn blant dei på 45 år og eldre. Den eldste aldersgruppa (45-79 år) nytta i større grad nikotinlegemiddel.
Røykesluttkurs i kommunen
Resultat frå undersøkinga Kommunane si forvalting av tobakksskadelova i 2025 viser at 67 % (n=235) av kommunane ikkje hadde hatt tilbod om snus- og/eller røykesluttkurs. I dei 116 kommunane som rapporterte å ha hatt eit slik tilbod i 2024, var tilbod gjennom kommunen sin frisklivssentral mest vanleg (n=100). Ni kommunar rapporterte å ha eit tilbod i regi av frivillige organisasjonar (som Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, Nasjonalforeininga for folkehelse eller andre), og ti hadde eit tilbod via andre samarbeidspartnarar (som til dømes Lærings- og meistringssentre og distriktsmedisinsk senter).