4.4.1 Substantiv
- For hankjønnsord med valfritt -er eller -ar i fleirtal vel vi -ar med desse unntaka: lemmer, vegger, stader, gonger, alle ord på -nad, alle ord på -a
- For hokjønnsord med valfritt -er eller -ar i fleirtal vel vi alltid -er.
- For substantiv som høyrsel/høyrsle og tilførsel/tilførsle vel vi varianten med -el, også i samansetjingar: nedsett høyrsel, høyrselshemming
- Vi bruker formene auge, hjarte og øyre.
- For substantiv med med val mellom -ning og -ing føretrekkjer vi -ning.
Ord med valfritt kjønn:
- Desse orda er hokjønn: brystkasse, nyre, vene, åre
- Desse orda er hankjønn:
- Desse orda er inkjekjønn: ganglion
Bestemd eller ubestemd form:
- Terminologien inneheld generelt ord i ubestemd form: brot i overarmsbein, skade på auge
- I uttrykk med «begge» bruker vi òg ubestemd form: begge auge, begge armar
- Når det gjeld lokalisasjonar vi berre har éin av og det er unaturleg å bruka ubestemd form, bruker vi bestemd form: … i hjernen, … i hjartet
4.4.2 Verb
Vi nyttar a-infinitiv og full samsvarsbøying.
Bøying av nokre svake verb:
- E-verb med stammeutgang på v, g eller d får perfektum på -d: fødd, levd, bygd, forhøgd
- E-verb med stammeutgang på vokal eller diftong får perfektum på -dd: vridd, dreidd
- Kjenna og klemma får bøying med -de: kjend førekomst, ukjent malignitetspotensial, klemd nerve
Bøying av nokre sterke verb:
- ta – tek – tok – teke
- gje – gjev – gav – gjeve
- dra – dreg – drog – drege
- bli – blir – vart – vorte
Nokre verb med valfritt bøyingsmønster:
- Desse verba er e-verb: bruka,
Desse verba er a-verb: (rett)leia
4.4.3 Adjektiv
Adjektiv på -en får inkjekjønnsform på -e: open – ope, vaken – vake, vaksen – vakse