Kapittel 4.1Generelt om nynorsk

4.1. Generelt om nynorsk

Snomed på nynorsk skal spegla helsespråket slik det er i bruk i helsesektoren, og samstundes vera ein god og konsistent terminologi. Vi legg vekt på å bruka eit attkjennande språk. Der det ikkje finst etablerte nynorske ord og uttrykk, vel vi eller finn vi fram til nynorske ord som er i tråd med vedtekne reglar og gode tradisjonar for orddanning på nynorsk.

4.2 Val av ord ved lite eller manglande belegg

Til grunn for val av ord og uttrykk ligg søk i tilgjengelege kjelder og direkte kontakt med fagmiljøa. I nokre tilfelle må vi velja nynorskform på lite eller manglande grunnlag:

  • når det ikkje finst noka etablert nynorskform
  • når skrive- og/eller bøyingsmåten av ord ikkje er normert
    • meninx – meninger/meningar/meninges
    • varix – varicer/varicar/varices
  • når nynorskforma som er i bruk, strir med vedtekne reglar og hevdvunnen skikk for orddanning på nynorsk

I slike tilfelle finn vi likevel fram til ei god nynorskform som er i tråd med terminologien elles, som fylgjer offisiell rettskriving og reglar og skikk for orddanning på nynorsk. Dersom det ikkje er noka meir eller mindre opplagd løysing, søkjer vi å forankra nynorskforma i relevante fagmiljø.

4.3 Gjennomgåande val for store ordgrupper

  • Der det er valfritt mellom y og ø, vel vi ø: første, følgjetilstand
  • Der det er valfritt mellom au og ø, vel vi ø: død, døv, krinsløp, blodomløp
  • Der det er valfritt mellom u og y, vel vi u: forskuving, skuld
  • Der det er valfritt mellom enkel og dobbel konsonant, vel vi som hovudregel enkel, med visse unntak: hammar, ledd
  • Der det er valfritt med j etter g og k, vel vi som regel j, men ikkje i lågfrekvente ord og andre ord der j-en er lite brukt: krenkande, krykke

4.4 Val for ulike ordklassar

4.4.1 Substantiv

  • For hankjønnsord med valfritt -er eller -ar i fleirtal vel vi -ar med desse unntaka: lemmer, vegger, stader, gonger, alle ord på -nad, alle ord på -a
  • For hokjønnsord med valfritt -er eller -ar i fleirtal vel vi alltid -er.
  • For substantiv som høyrsel/høyrsle og tilførsel/tilførsle vel vi varianten med -el, også i samansetjingar: nedsett høyrsel, høyrselshemming
  • Vi bruker formene auge, hjarte og øyre.
  • For substantiv med med val mellom -ning og -ing føretrekkjer vi -ning.

Ord med valfritt kjønn:

  • Desse orda er hokjønn: brystkasse, nyre, vene, åre
  • Desse orda er hankjønn:
  • Desse orda er inkjekjønn: ganglion

Bestemd eller ubestemd form:

  • Terminologien inneheld generelt ord i ubestemd form: brot i overarmsbein, skade på auge
  • I uttrykk med «begge» bruker vi òg ubestemd form: begge auge, begge armar
  • Når det gjeld lokalisasjonar vi berre har éin av og det er unaturleg å bruka ubestemd form, bruker vi bestemd form: … i hjernen, … i hjartet

4.4.2 Verb

Vi nyttar a-infinitiv og full samsvarsbøying.

Bøying av nokre svake verb:

  • E-verb med stammeutgang på v, g eller d får perfektum på -d: fødd, levd, bygd, forhøgd
  • E-verb med stammeutgang på vokal eller diftong får perfektum på -dd: vridd, dreidd
  • Kjenna og klemma får bøying med -de: kjend førekomst, ukjent malignitetspotensial, klemd nerve

Bøying av nokre sterke verb:

  • ta – tek – tok – teke 
  • gje – gjev – gav – gjeve
  • dra – dreg – drog – drege
  • bli – blir – vart – vorte

Nokre verb med valfritt bøyingsmønster:

  • Desse verba er e-verb: bruka,

Desse verba er a-verb: (rett)leia

4.4.3 Adjektiv

Adjektiv på -en får inkjekjønnsform på -e: open – ope, vaken – vake, vaksen – vakse

4.5 Genitivskonstruksjonar

Omgrep som er omsette med s-genitiv til bokmål, får som regel ei anna form på nynorsk, avhengig av kva konstruksjonen uttrykkjer.

  • Når det er snakk om noko som ligg i, på eller ved noko anna, bruker vi gjerne preposisjonsuttrykk: hovudvena i hjartet
  • Dersom det finst eit samansett substantiv i bruk, bruker vi det: hjerneoverflata
  • Dersom ein annan uttrykksmåte enn genitiv og preposisjonsuttrykk er i bruk, nyttar vi det: kvinnelege kjønnsorgan (*kvinnas kjønnsorgan)
  • S-genitiv nyttar vi som regel berre i syndrom (Downs syndrom, Sjögrens syndrom).
  • Vi nyttar garpegenitiv når det er det som er i bruk og noko anna verkar kunstig og framandt: hjartet sitt minuttvolum

Siste faglige endring: 12. mai 2025