Nedgang i bruk av vanedannande legemiddel hos eldre

Dame og eldre dame som snakker sammen

Vanedannande legemiddel kan gi alvorlege biverknader, særleg for eldre. Foto: MostphotoS

Først publisert: 11.06.2026 Siste faglige endring: 11.06.2026

Andelen eldre som får resept på vanedannande legemiddel frå fastlegen, har gått gradvis ned over tid. Samtidig får stadig fleire personar med demens oppfølging med velferdsteknologi.

Vestfold og Telemark peikar seg ut med særleg gode resultat frå 2024 til 2025 når det gjeld bruk av vanedannande legemiddel blant eldre. Der har Statsforvaltaren, kommunane og fastlegane jobba saman for å få ned bruken. Tiltaka har mellom anna vore informasjon og kurs for fastlegar og samarbeid med spesialisthelsetenesta og relevante fagmiljø. Og ikkje minst ei positiv haldning blant fastlegane.

– Vanedannande legemiddel kan gi alvorlege biverknader, særleg for eldre. Riktig bruk av legemiddel er viktig for å førebyggje pasientskadar relaterte til legemiddel. Helsedirektoratet lagar no ein nasjonal plan for riktig bruk av legemiddel, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Planen skal bidra til å førebyggje feil eller skadeleg legemiddelbruk. Dette er viktig for alle pasientar, og særleg for pasientgrupper som vi veit er sårbare for slike feil. Personar med demens er eit døme på ei slik gruppe, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.

Kvar tiande person med demens får digitalt tilsyn frå kommunen

Fleire eldre med demens bur heime. Med god tilrettelegging og riktig hjelp kan mange leve godt i fleire år med sjukdommen. Bruken av velferdsteknologi som lokaliseringsteknologi, digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte aukar. Det er likevel store forskjellar mellom kommunane.

I 2025 var det registrert totalt 48 583 personar med demensdiagnose som bur heime.

• 12 prosent hadde digitalt tilsyn
• 5 prosent fekk lokaliseringsteknologi frå kommunen
• 37 prosent hadde tryggingsalarm

– I den nasjonale faglege retningslinja om demens er det ei sterk tilråding om at kommunane bør gi råd og informasjon om korleis velferdsteknologi kan bidra til betre meistring av eiga livssituasjon og helse til personar med demens og deira pårørande. Dessutan bør kommunane ved behov tilby velferdsteknologiske løysingar og tenester. Behova skal vurderast individuelt, seier helsedirektøren.

Digitalt tilsyn og lokaliseringsteknologi er relativt nye teknologiar, og bruken har auka sidan 2017, medan tryggingsalarm er ein eldre teknologi som kommunane har hatt lenge.

Velferdsteknologi kan bety mykje for pasienttryggleik og livskvalitet for personar med byrjande demens. For personar med meir alvorleg grad av demens er lokaliseringsteknologi (sporing) særleg nyttig.

– Det er ulike behov i ulike fasar av sjukdommen. Helseteknologiordninga gir drahjelp til kommunar som innfører ny helseteknologi. I tillegg skal ordninga bidra til stabile rammevilkår for leverandørar og auka investeringar, seier Lofthus.

Helsedirektoratet har publisert oppdaterte kvalitetsindikatorar, mellom anna om bruken av velferdsteknologi til personar med demens som bur heime.
Desse finst her: Kommunale helse- og omsorgstenester

Abonner på nytt eller oppdatert innhold