Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Helsedirektoratet sitt ansvar på fagområdet persontilpassa medisin

Helsedirektoratet har eit særleg ansvar for å følge opp fagfeltet og strategien frå Regjeringa, mellom anna å koordinere aktørane.

Koordinering av aktørane og følgje med på utviklinga

Helsedirektoratet hadde eit særskild ansvar for å koordinere oppfølginga av strategien for persontilpassa medisin 2017 til 2021, mellom anna å koordinere dei ulike aktørane. Denne oppgåva har vi også under den nye strategien for perioden 2023-2030. Departementet har peika på fagrådet for persontilpassa medisin som ein viktig arena for koordinering.  
 
Den nye strategien har eit breiare perspektiv. Helsedirektoratet har fått eit særskild ansvar for å følgje med på utviklinga i den kommunale helse- og omsorgstenesten. Det kan vere behov for å sjå nærmare på korleis utviklinga innan persontilpassa medisin treff denne delen av helsetenesta, og om ein må iverksette tiltak for å sikre likeverdig tilgang til persontilpassa medisin på dei aktuelle områda.

Ansvar for å følge opp tiltak i strategien

Helsedirektoratet får ansvar for å følge opp fleire av tiltaka i strategien, og har fått oppgåver innanfor alle målområda i strategien.  

Vi har fått fleire oppdrag som vi skal levere på innan 2023: 

  • Helsedirektoratet skal sjå om det er mogleg å få eit meir dynamisk system for å vurdere og inkludere nye sjukdomar i nyføddscreeninga.

  • Helsedirektoratet skal vurdere om det er behov for anbefalingar om bruk av farmakogenetiske analysar, og sjå spesielt på behov i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

  • Helsedirektoratet skal greie ut etiske og juridiske sider ved å etablere eit nasjonalt genomsenter med tilhøyrande registerløysningar.

  • Helsedirektoratet har i samarbeid med fleire andre aktørar laga ei rettleiingsteneste om bruk av kunstig intelligens på helseområdet. Helsedirektoratet skal arbeide med å styrke og utvide denne tenesta slik at ho også omfattar rettleiing om regelverk for persontilpassa medisin.

Regjeringa har lagt til grunn at Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka fortset å arbeide med informasjonstiltak som kan auke kunnskapen om persontilpassa medisin hos helsepersonell og hos folk flest. 

I tillegg skal Helsedirektoratet også arbeide med desse tiltaka i perioden: 

  • Helsedirektoratet skal sjå på om det er behov for å bygge helsefagleg kompetanse innan faggrupper som arbeider innanfor persontilpassa medisin og som ikkje har helsefagleg utdanning. Direktoratet skal i så fall greie ut modeller for korleis ein kan gjere dette. 

  • Helsedirektoratet skal sikre at etablering og revisjon av læringsmål innanfor spesialistutdanningane i medisin og odontologi også tek med behov for kunnskap om persontilpassa medisin.

Helsedirektoratet si normerande rolle

Helsedirektoratet har fleire forvaltningsoppgåver som er relevante for fagområdet persontilpassa medisin. 
 
Helsedirektoratet har ansvar for fortolking og forvaltning av ei rekke lover og forskrifter på området.
 
Helsedirektoratet har ei normerande rolle på helseområdet, og har mellom anna ansvar for å utvikle nasjonale retningslinjer på dei fleste medisinske fagområda. 

Genetiske undersøkingar er ein sentral del av persontilpassa medisin. Vi har laga rettleiing om bruk av genetiske undersøkingar i helsetenesta, og den vil vi utvikle vidare. 

Først publisert: 12.10.2023 Sist fagleg oppdatert: 12.10.2023 Sjå tidlegare versjonar