Hovudfunn
Indikatorverdiane ligg jamt over i den øvre, positive delen av svarskalaen som går frå 0-100, der 100 er beste skåren. Sjølv om mange kvinner har positive erfaringar i møte med helsetenesta, er det samtidig rom for betring på nokre område.
På 9 av 17 indikatorar er det signifikante skilnader i indikatorskår når vi samanliknar sommarmånadene i 2025 med hovudundersøkinga (august 2024 – februar 2025), for nokre indikatorar er skilnaden:
- 1 poeng høgare skår: Svangerskapskontroll hos fastlege og jordmor og Relasjon til personalet ved helsestasjonen.
- 2 poeng høgare skår: Rammer og organisering ved fødeavdelinga, Ivaretaking av partner ved fødeavdelinga, og Ivaretaking av partner ved barselavdelinga.
- 2 poeng lågare skår: Informasjon om barnet ved helsestasjonen.
- 3 poeng høgare skår: Relasjon til personalet ved fødeavdelinga og Relasjon til personalet ved barselavdelinga.
Om metoden
Metoden som er nytta for å justere i sommarundersøkinga, er den same som for hovudundersøkinga. Vi lagde nye response homogeneity groups for sommarundersøkinga for å gjere resultata meir representative internt. For å samanlikne resultata mellom dei to undersøkingane blei alle data slått saman til éin datafil, og response homogeneity groups blei berekna på nytt for totalmaterialet. På dette grunnlaget blei indikatorskårane justert med tanke på ulik pasientsamansetning per eining og mellom dei to undersøkingane. Det kan gi seg utslag i litt ulike resultat etter kva type analyse eller justering som er gjort, desse skilnadene er små.
Informasjon om barnet
På to indikatorar: Informasjon om barnet ved barselavdelinga og Informasjon om barnet ved helsestasjonen, er indikatorskåren lågare for sommarmånadene enn for hovudundersøkinga.
Svangerskapskontroll hos jordmor
Svangerskapskontrollen hos jordmor skårar høgst av alle, mens informasjon om kvinnas helse på barselavdelinga skårar også dårlegast for sommarfødslene. Alle indikatorskårar for svangerskapsomsorga, fødeavdelingane og helsestasjonen er høge, bortsett frå informasjon om kvinnas helse ved helsestasjonen som har den nest dårlegaste skåren av alle indikatorane.
Liggetid på sjukehus
Når det gjeld liggetid på sjukehus, er andelen kvinner som har kortare liggetid (0-1 døgn), høgare blant sommarfødslene (16 %) enn for hovudundersøkinga (12 %). Samtidig er det ingen skilnad i kvinna sin tilfredsheit med liggetid i de to undersøkingane.
Heimebesøk etter fødsel
Det er færre som ikkje har fått heimebesøk etter fødsel blant kvinnene som fødde sommaren 2025 enn i hovudundersøkinga. I hovudundersøkinga hadde ein tredjedel ikkje hatt heimebesøk av jordmor og 10 prosent hadde ikkje hatt besøk av helsesjukepleiar. I sommarundersøkinga er tilsvarande tal 46 og 14 prosent. 10 prosent hadde ikkje besøk av verken jordmor eller helsesjukepleiar.